Juletankar

Så er det jul, igjen...

Så er det jul igjen. Eg vil tru det er mange med meg som kjenner på at det skal bli godt å skifte fokus for nokre dagar.

Småfuglane: - Tenk også på småfuglane i jula, oppmoda vi til i onsdagens avis.  Foto: Magne Lillegård

Meninger

Jula er utvilsamt den viktigaste høgtida for dei fleste av oss. Julebodskapen ligg i botn enten ein har fokus på det kristne innhaldet eller legg vekt på andre ting. Jula er uansett ei viktig høgtid som mange sett stor pris på.

Innspurten fram mot jul er alltid hektisk. I Driva har vi lagt vekt på å lage ei god og fyldig juleavis. Folk har stått på for å bli ferdige, og torsdag ettermiddag kunne vi setje punktum for juleavisa med eit felles måltid på møterommet. Det er alltid triveleg. No er det ikkje slik at vi tek fellesferie i jula. Neste avis kjem fredag 29. desember, og vi oppdaterer sjølvsagt driva.no gjennom heile romjula.

Eg håper du som lesar brukar god tid på dagens avis. Det er ikkje ofte vi brukar fire sider på ei sak. I juleavisa har vi gjort det. Saka handlar om Halvor Bele, opprinneleg surnadaling, som fortel om eit langt og aktivt liv, men som måtte gje tapt for kreftsjukdom for ei vekes tid sidan. Halvor var onkel til Driva-journalist Gøran Rønning som formidlar tankane onkelen hadde om eit levd liv og om avslutninga han visste nærma seg. Bele fekk dessverre ikkje oppleve å sjå saka på trykk sjøl, men var bestemt på at han gjerne ville ha saka i juleavisa, uansett om han hadde gått bort.

I dagens avis finn du fleire flotte reportasjar frå dekningsområdet vårt. Det er berre å bla vidare. Det er utruleg mykje som går føre seg opp mot tradisjonar i jula. Det ber dagens avis preg av.

Det handlar mykje om tradisjonar også privat. I vår familie har det vorte ein tradisjon at heile storfamilien samlast hos den eine dotter vår, Torill, som bur på Fagerlia i Gjemnes. Der blir det pinnekjøtt med tilbehør og riskrem til dessert. Og gaver under juletreet, naturlegvis.

Pinnekjøttet dominerer på dei fleste matborda i vårt område, men det er nok mange som held seg til svineribbe, eller kanskje til lutefisk. Eg har vorte glad i denne litt spesielle matretten som eg var godt vaksen før eg fekk sansen for.

I jula er været ofte skiftande og lunefullt. Vi får håpe vi slepp unna storm og anna utriveleg ver. Kvit jul ser det ikkje ut til å bli, men fleire stader vil det nok vere gode mulegheiter for ein skitur.

Det er elles mange julekonsertar på programmet i jula. Dei er det alltid ei oppleving å få vere til stades på.

Ha ei riktig god og fredeleg jul!

Sigmund Tjelle.