SALE

«Sale» heiter det i forretningar og på mange butikksenter no når jule- og nyttårshelga er over.
Meninger

«Å legge på sal» til dømes på hesten, betyr det, ifølgje norske ordbøker, både for nynorsk og bokmål. Men det er visst ikkje desse handelsstanden går etter. Store delar av den norske handelsstanden synest tydelegvis ikkje norsk språk er bra nok til nordmenn – og høyrer ikkje med blant dei som er opptatt av norsk kultur og norske verdiar. Eller trur dei kanskje at det er engelske og amerikanske turistar som skal prege handelen i lokalsamfunna våre framover?

At norsk språk lever utsett til for tida, ser vi også av media. Høgskolen i Oslo og Akershus ønsker no å få namnet OsloMet, og vil ikkje lenger stille krav om norskspråkleg kompetanse ved tilsetting i undervisnings- og forskar-stillingar. Det fortel oss at det held på å bli ei ulempe å vere norsk og å streve etter å vere ein god morsmålsbrukar. Det er mindremannskjensla som synest å ha tatt over, både lokalt og nasjonalt.


Eivind Hasle

6650 Surnadal