Takk til Eivind Hasle for mange gode innlegg, ikkje minst dine viktige innspel om alkohol og drikkekultur, noko som er sers aktuelt i dag som vi ser nokre skammelege følgjer, i ymse samfunnslag og i politikken. Det er flaut når profilerte politikarar og samfunnsleiarar skuldar på alkoholen når dei ikkje har kontroll på sine drifter og si åtferd.

Og når du no skriv så flott om språket, så fekk eg lyst til å kommentera det. Det er ikkje berre handelsstanden og høgskulane som har lite syn for norsk kultur og verdiar. Dette er gjennomgåande i Norsk Rikskringkasting, i alle fall i songval der engelsk popmusikk dominerer.

Eg er opptatt av andaktane som også er eit kulturuttrykk, og eg har engasjert meg gjennom korrespondanse med NRK og Tro og media og ved debattinnlegg i aviser. Som lyttar i alle år, har eg registrert at ikkje berre innhaldet har vorte utvatna, men spesielt at det snart ikkje er norsk song, og da tenkjer eg først og fremst på salmesong. Det er ikkje lenge sidan vi fekk ei flott ny salmebok med ein stor salmeskatt av nye og gamle salmar, som også er ein rikdom i historie og tradisjon. Da sende NRK eit progarm med alle salmane, noko som mange verdsatte, og som vi var takksame for. Det er da vanskeleg å forstå kvifor vi ikkje kan få høyra desse vakre salmane i andakten.

I fjor hadde vi reformasjonsjubileum. Det er ikkje minst på grunn av at Luther la vekt på at folket skulle få forkynning og litteratur på eitt eige språk at han vart ein reformator, ikkje berre i kyrkja, men for samfunn og demokrati. I ein andakt sist vår framheva andaktshaldaren kor viktig det var for Luther at folket fekk songar og salmar på sitt språk og fekk syngja det, og at han også skreiv salmar sjølv, m.a. den kjente «Vår Gud han er så fast ei borg», som vi også har fått på vårt språk, både bokmål og nynorsk. Eg sat og gledde meg på å høyra ei mektig innspeling av denne flotte salmen, og vart djupt skuffa da det kom litt gitarklimpring og salmen på ENGELSK. NRK hadde nok ikkje skjøna poenget.

Eller dei ser ikkje kor viktig språket er for vår kultur. Det er eit spørsmål som har vore stilt mange gonger den siste tida: «Kva er norsk kultur?»

Da vi arbeidde i India i nokre år, så var styresmaktene i Assam stat bekymra for at det var så mange som vart kristne i ein viss stamme. Som kjent er det utallige språk og folkegrupper i India. Ein av dei lokale leiarane vart kalla inn til dei øvste leiarane av staten som spurde retorisk om ikkje misjonærane øydela deira kultur (slik mange i Norge også trur). Da svara han: «Vi ser det slik at det viktigaste i eit folks kultur er språket, og ingen har gjort så mykje for å ta vare på språket vårt som misjonærane.» Han hadde forstått mykje.

Det er faktisk sant over heile verda. Misjonen har teke vare på dei små språkgruppene, gitt dei skriftspråk. Sjølvsagt var det også for at dei skulle lesa Bibelen på sitt språk, slik det var for Luther, men dei skreiv også ned folkets historie, songar og eventyr. Og det hadde store samfunnsmessige ringverknader for folkeopplysning og utdaning. Misjonen bygde skular og gav opplæring, ikkje berre til dei rike, men seleg til fattige og også til jenter og kvinner.

Språket er det viktigaste i eit folks kultur!

Einy Rendal Elgsæther