VI HAR FÅTT VÅR EIGEN ELDRESTATSRÅD

I dagane 3. til 7. juni 2012 hadde den partipolitisk nøytrale og landsomfattande organisasjonen Pensjonistforbundet(Pf) landsmøte på Hell i Stjørdal. Som delegat frå Møre og Romsdal fekk eg vere med på behandlinga av Pensjonistforbundet sitt eldrepolitiske handlingsprogram for perioden 2012 – 2015. Pf hadde da tidlegare gått inn for å ha ein eigen eldrestatsråd. Denne statsråden skulle då vere med på å sikre at dei eldre sine interesser blei ivaretekne på ein god måte. På Hell blei det vedtatt at Pf i landsmøteperioden 2012 - 2014 skulle jobbe aktivt for å få oppretta eit eige departement for eldresaker. Eit eige avsnitt om dette kom med i handlingsprogramet for 3-årsperioden.

Eg var også delegat på Pf sitt landsmøte på Gardermoen i 2015. Da blei nytt handlingsprogram for perioden 2015 – 2018 vedtatt. I dette programmet kom ønskjemålet om eigen eldrestatsråd ikkje med i noko eige avsnitt.

I eit lesarinnlegg som eg hadde i lokalavisene sommaren 2012 under overskrifta «Eige departement for eldresaker» kan ein mellom anna lese: «Den som har skoen på kjenner best kor det trykkjer», heiter det. Dette ordtaket gjeld også for dei eldre sin del. Det er viktig at dei saker/signal som har sitt utspring frå dei eldre sine råd og organisasjonar kjem fram til dei rette sentrale styresmakter. På sikt, kanskje statsråden for eldresaker. La oss håpe det.»

Ønskjemålet frå 2012 har no blitt ein realitet. Det er gledeleg.

Da den nye regjeringa til Erna Solberg nyleg kom fram på slottsplassen var det nemleg også ein eldrestatsråd med. Den nyoppretta stillinga er lagd til Helse- og omsorgsdepartementet. Den nye statsråden er 57-årige Åse Michalsen frå Frp.

Vi får håpe at den nye eldrestatsråden gjer sitt til at dei eldre får gode og mest mogleg like velferdsgoder same kor ein måtte bu i landet vårt. Eg seier lykke til med dette viktige arbeidet!

Johs. J. Vaag