Vi har over tid sett at forfallet på fylkesvegane har vorte verre og verre. Det gjeld tunnelar, bruer, ferjekaier og vegar. Fylkeskommunane tok over ei mengd riksvegar i 2010, utan at det følgde ressursar til vedlikehald med. I Møre og Romsdal har også ferjekostnadene auka dramatisk i det samme tidsrommet, og dette har gått ut over vedlikehaldsbudsjettet for vegane. Etterslepet på vedlikehald på fylkesvegane er estimert til ca 63 mrd kroner. Det er Nordland, Hordaland, Troms, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som er verst stilt, sjølvsagt på grunn av geografien. For Møre og Romsdal er etterslepet 6,3 mrd kr.

Samferdselsutvalget har foreslått å auke drift og vedlikehald til 170 mill kroner i året, og sette av 50 mill i året til eit program for å forsterke og utbetre fylkesvegane. I tillegg har vi foreslått 35 mill per år til utbygging av gang- og sykkelvegar. Fylkestinget har slutta seg til dette foreløpig, men vil vurdere budsjettet på nytt i juni.

Oslo Economics har utarbeidd ei analyse på oppdrag frå Maskinentreprenørenes forbund (Rapport 2017-51, 7.des.2017), der dei ser på omfanget og samfunnsnytte ved å gjere noko med forfallet på fylkesvegane. Den årlege samfunnskostnaden ved å ikkje gjere noko er rekna til ca 2,5 mrd kr/år. Ved å satse på auka vedlikehald, kan vi oppnå ei samfunnsnytte på mellom 1,4 og 1,9 mrd kr/år. Ved ikkje å gjere noko, sparer samfunnet offentlege kostnader på kort sikt, men det fører til langt meir omfattande og kostbare tiltak i framtida.

Fylkesvegane og kommunevegane utgjer den største delen av vegnettet i landet. Dei bind saman lokalsamfunn og kommunar og er heilt avgjerande for gods- og persontransport.

Den samfunnsøkonomiske kostnaden med å utsetje å gjere noko med forfallet på fylkesvegane er altså formidabel, og samfunnsnytta tilsvarande stor dersom ein prioriterer vedlikehald. I dag er det så stor skilnad på korleis staten finansierer riksvegar og fylkesvegar at det er ein trussel mot næringsliv og busetting, særleg i kystfylka. Auka ressursar til gang- og sykkelvegar og trafikksikring er også investeringar som gjev positiv samfunnsnytte, men som blir salderingspostar.

Vi vil prøve alt vi kan – innanfor dei økonomiske rammene fylkestinget rår over – å auke vedlikehaldet og satse vidare på gang- og sykkelvegar, men utan at vegvedlikehald får større nasjonal merksemd, vil forfallet auke på storparten av vegane vi brukar til kvardags i dette fylket.

Kristin Sørheim

Leiar i samferdselsutvalet