Holocaustdagen den 27. januar vil for alltid vere ein viktig dag i krigshistoria. Dagen er til minne om den 27. januar 1945 da styrkar frå Den Raude Armeen til Sovjetunionen frigjorde dei om lag 7 000 attverande og overlevande fangane i Auschwitz i det tyskokkuperte Polen. Konsentrasjonsleiren var den største av dei mange tyske konsentrasjonsleirane under andre verdskrig. Ein stad mellom ein og halvannan million menneske vart tekne livet av i leiren. Dei aller fleste var jødar, men mange andre som heller ikkje passa inn i nazistane sitt verdsbilde, vart drepne. Det er forferdeleg å tenke på det som skjedde i Auschwitz og i andre konsentrasjonsleirar under krigen.

Sett i lys av det grufulle folkemordet på jødar og andre som ikkje hadde nokon plass i det nazistiske verdsbildet, er det underleg å sjå at det framleis er grobotn i samfunnet for dei nazistiske ideane. Det er både trist og skremmande å sjå europeisk ungdom i dag med nazistiske symbol som samlar seg og ropar «Sieg Heil».

Det er viktig at dagens ungdom får fortalt kva som skjedde under krigen. Avgangselevane ved Sunndal vidaregåande skole har i mange år fått tilbod om å vere med dei kvite bussane til konsentrasjonsleirar der folkemordet gjekk føre seg. Skulen har vore flink til å markere Holocaustdagen. Slik også i år. Der framførte Ella Moen Sæter ein sterk appell med utgangspunkt i Holocaust og sine egne opplevingar på turen med dei kvite bussane. Det var tydeleg at det hadde gjort eit sterkt inntrykk.

Vi meiner det er svært viktig at ungdom blir påmint det grufulle folkemordet som gjekk føre seg under krigen. Det er difor viktig at både den vidaregåande skulen i Sunndal og andre stader i landet held fram med å markere Holocaustdagen for slik å sikre å bidra til at dei grufulle hendingane ikkje blir gløymde.

– Sei nei til rasisme, sei nei til mobbing, fokuser på medmenneskelegheit og stå opp for respekt og likeverd, sa Ella Moen Sæter i sin appell til medelevane. Viktige ord på ein viktig dag!