Det er omtrent tabu å snakka om alkoholskader og kva dei betyr av samfunnsproblem og utgifter, for ikkje å snakka om tragediar, sosialt, familiært og personleg. Ikkje minst for dei borna som blir ramma.

Det har vel vore sagt at det ikkje skal serverast alkohol der det er born til stades, og i område der mindreårige ferdast. Men kor mykje blir det respektert?

Når ein ser at eit sportsarrangement, som skulle vera ein familiefest, blir ein «fyllefest». Ja, ein bør ikkje kalla det fest, men skandale og tragedie.

Eg veit ikkje kor mange alkoholfrie soner det er i samfunnet, men det er ikkje mange, bortsett frå trafikken, der det ikkje er akseptert.

Fleire ting som har skjedd i det siste, viser at det burde vera mange fleire.

Kultur- og sportsarrangement, ikkje minst med born til stades, burde vera alkoholfrie. Og MeToo-aksjonen viser at det også er store problem ved politiske møte og arrangement, der ein skulle tru at ein kunne ha samver og fellesskap utan å rusa seg. Spesielt har det vorte avslørt store problem der unge og eldre politikarar er sammen! Det er ufatteleg. Ufatteleg også når ein statsmann på høgt nivå skuldar på alkoholkulturen. Altså ein som skal styra landet på høgt nivå, kan ikkje styra sitt eige liv, alkoholbruk, drifter og oppførsel.

Eg vart spurt ein gong: «Går det an å ha bryllaup utan alkohol?» Eg har vore i minst ti bryllaup utan alkohol, og dei var langt meir innhaldsrike og festlege og hyggelege enn dei med alkoholservering.

Eg har eit vel gjennomreflektert og sakleg begrunna avhaldsstandpunkt, men eg har opplevd at vi som har det blir utsett for diskriminering, hets og press. T.d. ved servering av velkomstdrink ved spesielle arrangement, og eg bed om alkoholfritt, så kjem det aldri noko, ikkje ein gong eit glass vatn. Eg har til og med opplevd at servitøren sa: «Det går nok bra.» Kva kunne han vita om det? Eller: «Er du sikker på du ikkje skal ha eit glass?» (På fly, der eg aller minst kan forstå at det blir servert alkohol.)

I ein kommunal styresammenheng høyrde eg eit foredrag om alle skadeverknaden av alkohol. Det var ei lang liste, men til slutt seier vedkomande: «Men eg er ikkje pietist, så eg er ikkje avhalds» Veit ikkje kva det hadde med saka å gjera. Det er vel ikkje berre pietistar som er avhaldsfolk. I gamle dagar var det t.d. store avhaldsrørsler mellom sosialistar. Eg stilte eit spørsmål til foredragshaldaren: «Kan du nemna noko som hadde vore verre i samfunnet om vi ikkje hadde hatt alkohol?» Ho kunne ikkje svara eit ord.

Einy Rendal Elgsæther