Det skal handle om samferdsel, sveler og ein fergetur som om få år blir historie.

Av og til har eg gjennom jobben eit ærend i Surnadal. Enn så lenge er vi avhengige av ferga for å komme oss dit om utgangspunktet er Sunndal. Eg er mellom dei som meir enn gjerne tek ein kopp kaffe og ei svele med brunost på turen over. Ein rekk det med god margin. Takk til Johansens Bakeri som sørgar for at det framleis er muleg å kjøpe svele og kaffe om bord. Det vart ei bra erstatning for den tidlegare sørvisen som fergemannskapet sjølv stod bak. Det var visst bokstaveleg tala ikkje heilt etter oppskrifta å steike svela sjølv og servere den til passasjerane.

Eg var heilt åleine i salongen da eg tok ferga over tidleg onsdag ettermiddag. Der eg sat kom eg til å tenke på at det om få år blir slutt på å nyte kaffe og svele om bord på ferga når ein skal til Surnadal. Vemodig? For all del, nokon vil kanskje svare ja på det spørsmålet, men det er vel knapt nokon som ikkje er villig til å ofre svela for å kunne køyre til og frå utan å vere avhengig av å nå ferga.

Arbeidet med Todalsfjordprosjektet går sin gang. Eg er imponert over den iveren eldsjeler i prosjektet legg for dagen i arbeidet med å få oppstart om få år. No handlar det om å få godkjent ei forlenging av bompengeperioden.

På møtet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal nyleg tok både Tove-Lise Torve (Ap) og Frank Sve (Frp) til orde for at fylkeskommunen gjer eit forsøk på å få Todalsfjordprosjektet til å bli et nasjonalt pilotprosjekt.

Torve sa dette i fylkesutvalet:

– Eg har møtt på Stortinget nokre gong i det siste, og merkar ei endra haldning til bompengeinnkrevjing. Poenget er å få aksept frå departementet og Stortinget om å kunne auke bompengeperioden for prosjektet til inntil 35 år. Dersom ein kan krevje inn bompengar over et så langt tidsrom, vil Todalsprosjektet ikkje vere avhengig av andre lånefinansieringar, til dømes frå fylkeskommunen. Da kan prosjektet startast forholdsvis raskt.

Fergefritt samband mellom Sunndal og Surnadal vil vere eit stort framsteg for begge kommunane. Dei mange dagpendlarane som brukar ferga vil få ein enklare kvardag, og det vil gje andre mulegheiter også for transportnæringa.

Det var visegruppa Sunnmøre Bårelag som for nokre tiår sidan song om «Ein ferjemann på veg». Dei prisa både ferga og svela. Fortent, men no er det fergefrie samband det handlar om både på Sunnmøre og i resten av fylket.

God palmehelg og god påske!

Sigmund Tjelle, redaktør