Kor reint er aluminium, og kva slags mjøl har Hydro i posen? I Brasil finst ein del av kjeda som ender opp i aluminium frå Sunndalsøra. Toler verksemda langt der borte dagslys?

Den seinare tida har vi fått sjå bilete som vi vanlegvis ikkje reknar som normale i norsk industri. Landområde heilt raude av eit eller anna, og det same er elva. Analyseresultat som tilseier noko heilt anna enn at det er drikkevatn. Så får vi høyre om folk som blei kasta ut av område som Alunorte rekna som økologisk reservat for ti år sidan, no inngår det same arealet i industriareal for deponering av raudt slam, det økologiske reservatet er regulert vekk.

Det er ikkje så lett å vite kva som er realitet og kva som er noko anna. Her er så mange interesser i ei slik sak. Men dei store pengane, dei ligg i den industrielle verksemda og ofte i dei grepa styresmaktene kan velje. Dei som oftast blir skvisa ut er dei som bur på staden frå før, naturen og sanninga. Inngrep både i natur og når det gjeld folk som bur på staden kan under visse føresetnader vere akseptabelt, men det er industrien og styresmaktene som må dokumentere dette, på ein måte som folk kan ha tillit til. Det må dessutan gjerast på ein skikkeleg måte, så alle kan ta kvarandre i handa etterpå.

Det som har kome fram om Alunorte sitt anlegg den siste tida, det gir ikkje grunn til å ha tillit til industri eller mynde i denne saka. Det er ålar som skal vere sleipe, ikkje industriverksemder. Her er det berre å starte frå botn av og bygge stein på stein, slik at byggverket toler dagslys. Det som skal fortsette hos Alunorte i Brasil, det må sjå heilt annleis ut enn det vi har sett dei siste månadene.

I tillegg til at dette handlar om folk og natur langt der borte i Brasil, handlar det også om truverde knytt til verksemda Hydro har lokalt. Når det som ser ut som økonomiske snarvegar er aktuelt i Brasil, driv de med det same også på Sunndalsøra? Når det blir lagt fram miljørapportar osb., kan vi vere sikre på at det er slik? Er det slik at det som er gale i Sunndal kan bli rekna som rett i Brasil?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal