Kvifor er det så få som stiller spørsmål ved om ferjefri E 39 er verdt prisen? 268 milliardar kroner er siste prislappen. Det stoppar nok ikkje der. SV har som einaste parti på fylkestinget i Møre og Romsdal stemt konsekvent mot ferjefri E 39 i heile perioden.  Vi vil prioritere oppgradering og vedlikehald av vegar, tunnelar og bruer, eit standpunkt vi deler med lastebilnæringa. Vi meiner også det hastar med eit  krafttak for kollektivtransport, for rassikring, trafikktrygging og utbygging av gang- og sykkelvegar. Det handlar om kvardagssamferdsla til folk!

Kva er alternativet vårt? Det er ikkje å halde fram med dagens altfor dårlege ferjetilbod, som skaper vanskar både for privatpersonar og næringsliv. Vi vil at kryssing av fjordane skal skje med verdas mest miljøvenlege pendelferjer, utvikla av den verdsleiande maritime industrien vår. For å ta ei av strekningane i fylket vårt: HAFAST. Vi har stor forståing for at næringslivet i Ulstein ynskjer betre samband med Ålesund. Men kvifor ikkje satse på kombinasjonen superbuss og pendelferje? Har ein tenkt over kvar ein skal gjere av alle bilane som kjem køyrande gjennom HAFAST til Ålesund? Sjølv elbilar treng plass…

For oss er det ikkje snakk om velje mellom samferdsleutbygging i distriktet og kollektivsatsing i byane, slik Miljøpartiet Dei Grøne antydar. Det går faktisk an å tenkje to tankar samtidig, og begge deler er nødvendig skal vi ta klimautfordringa på alvor. Skal folk bli buande i distrikts-Noreg, må vi ha gode transportløysingar. Det får vi med ferjer som går kontinuerleg, kombinert med storsatsing på buss der det går an og miljøvenlege bilar og ulike former for bestillingstransport der grunnlaget er for lite. Lyntog er også ein del av løysinga.

Politikk handlar om å prioritere. For oss handlar det om å bruke pengane på det som trengst mest, nemleg gode, trygge og miljøvenlege samferdsleløysingar for folk flest. Og kan vi samtidig bidra til grøn næringsutvikling ved å flytte heim att den stolte ferjebyggingstradisjonen vår, slår vi to fluger i ein smekk! Det krev politikarar som vil styre. Eit sterkt SV på Fylkestinget vil arbeide for dette!

Ingrid Opedal

Fylkestingsrepresentant Møre og Romsdal SV