Den tida vi er inne i når det gjeld rovdyr og tap av beitedyr som sylgje av rovdyrangrep, må vel setja alle i tankar om endringar i rovdyrpolitikken. Dei store tapa og dei lidingane offerdyra blir utsette for burde tenna eit lys i tankane hos dyrevenner og naturvernarar. Vi har venta ein reaksjon frå desse med bakgrunn i røynsler basert på realistiske opplevingar. Skal vi fortsatt bare vente?

Når det gjeld politikarar i stat og kommune er det på same måten ein må vera tolmodig og venta. Bjørn Skåret frå Trysil har i Østlendingen laurdag 18. juli, teke opp att ein del spørsmål han har stilt for vel eit år sidan. Her ser det ut til at evna til å lesa og tenkja er fråverande hos heile det politiske livet, med noen få unntak. Eg, underskrivne, er vel ikkje den einaste som no i 40 år har brydd meg med rovdyrproblemet. Etter presseinnlegg har eg sett mange kjente og dugande personar som vågar å fortelje sanninga om den terroren som rovdyr utøvar mot dyra, både husdyr og viltlevande beitedyr som elg, hjort, reinsdyr og rådyr. I tillegg kjem eigarane sine ekstra harde tider i onnetider å fylgja med beitedyra. Dette er terror også mot menneskjer i våre bygder som prøver å halda oppe ein tradisjon i produksjon basert på jordbruk og utmarksutnytting. Rovdyrsoner er oppdrettsoner der nye individ vandrar ut av sonen og gjer skade.

Enda ein gong vil eg taka fram innhegning av rovdyra. Som kulturnasjon kan me ikkje lenger lata dette lausslopne rovdyreventyret fortsette. Da svenskane på 1800 talet gjennomførte skottpremi på dei store rovdyra fylgde norske myndigheiter etter, og i hundre årsskifte 18 – 1900 var rovdyra så sterkt redusert i antal at mange bygder var fri. Langedrag og Vassfaret er gode dømer på å taka vare på ulv og bjørn. Det er rom for 8 slike, eit for kvar rovdyrart i dei 8 rovdyrregionane. I tillegge gjennomføres lisensjakt på dei fire store rovdyra, bjørn, ulv, jerv og gaupe. Som naturleg løysing opphevast rovdyrsonene. Det vil nok ta noen år før terroren blir mindre, men ein dag må vi starte dette. Til slutt vonar eg at politikarane tek seg tid til å tenkja ut svar på spørsmåla som er reist og ideen om innhegner.

God sommar til alle!

Alvdal i juli 2015

Ola Tronsmoen