Fleire parti har skrive innlegg om at dei eldre er dårleg representert på partilister og i folkevalde organ. Og det er sjølvsagt viktig å vere opptatt av representativiteten i det politiske systemet vårt.

Eg synest likevel det er litt merkeleg t.d. at parti som seint og i liten grad har vore opptatt av kjønnsbalansen i politiske fora, no er veldig opptatt av aldersrepresentativitet (jf t.d. Johs Vaag, FrP i  RB 28/7-15) Etter mitt og SV sitt syn bør representativitet dreie seg både om alder, kjønn, og yrkesmessig bakgrunn. Det er kjent at det t.d. er vanskeleg å få med småbarnsforeldre – og det har dessverre blitt for langt mellom industriarbeidarar og folk i manuelle yrke. Det er også ønskeleg å få ulike innvandrargrupper representert i politiske fora. Innvandrarar utgjer no gjennomsnittleg nesten 15  % av innbyggarane rundt om i kommunane i landet, og vel 10,5 % i Møre og Romsdal.

Ei sak for seg, er at det generelt er alt for få som er medlemmar av politiske parti, og dermed er sentrale i prosessen med kandidatutveljing. I alt er det i dag vel 58 000 personar som står på kommunevalslister, og det er vel 10 000 som skal veljast. Og lettare å få engasjert folk blir det neppe, om regjeringspartia får gjennomslag for storkommuneplanane sine, og det blir lengre avstand (både geografisk og i saksmengde) til Rådhuset og dei politiske vedtaka. Ei massiv overføring av makt frå folkevald styre til byråkrati blir det om regjeringa når gjennom med planar om ca 100 kommunar etter den såkalla «kommunereformen»! Det fortel erfaringane frå Danmark mykje om!

Eivind Hasle

Surnadal SV