Valkampen er i gang for fullt. I desse dagar køyrer håpefulle listekandidar rundt med valprogramma som skal på plass i postkassene. Du bør ikkje bli veldig overraska om nokon til og med ringer på døra di for å gje deg ei rose eller andre saker som skal bidra til å gje dei di stemme.

Aldri har vi så stort trykk på lesarbrevspaltene i avisa som i innspurten føre eit val. Slik også i år. Eg synest det er viktig at folk får sleppe til med meiningane sine. I dag har vi fire sider med lesarbrev i Driva. Det kan bli situasjonen også i dei øvrige avisene fram mot valet. Siste mulegheit for å få med lesarbrev i papiravisa er fredag 11. september.

Kommunereforma blir utvilsamt ei viktig sak den komande perioden. Det synest meir og meir klart at tidspresset det blir lagt opp til i denne så viktige reforma er altfor stramt. Ein bør ikkje haste på plass nye kommunegrenser, men ta den tida ein meiner er nødvendig. Spørsmålet er og om ikkje regjeringa har starta prosessen i feil ende. Framtida for fylkeskommunen er uavklart. I alle fall på lang sikt. Ei avklaring der har med den viktige oppgåvefordelinga til kommunane å gjere.

Dei komande dagane blir det invitert til fleire valdebattar rundt om i distriktet vårt. Der er bra. Eg trur slike debattar er med på å skape engasjement. Debattane gjev også folk flest mulegheit til å stille spørsmål direkte til dei lokale partitoppane.

Ofte er det spenning rundt valet av ordførar. I fleire kommunar i vårt distrikt er nok ikkje spenninga veldig stor i år. Det kan tyde på at sitjande ordførarar har gjort ein god jobb, men det vil overraske meg om det ikkje skjer uventa ting rundt ordførarvalet i minst ein av kommunane også i Driva sin lesarkrets.

Det skjer neppe i Sunndal, men kanskje i Nesset eller Surnadal? Eller har den påståtte «regjeringsslitasjen» på Senterpartiet i Rindal ført til at det også der er større spenning enn ved tidlegare val der Ola T har vore ordførarkandidat? I Halsa tyder alt på at Ola Rognskog får fire nye år.

Om kvelden den 14. september har vi svaret.

Ha ei riktig god helg!