Ingen skal seie at ikkje media tar folkeopplysninga og informasjonsoppgåvene sine om rusmiddel alvorleg! I tillegg til at NRKs «Sommarbåten» i 8 veker i sommar har seilt langs norskekysten og vist oss at landet vårt også har anna å vise fram enn Oslo-gryta, har vi og fått presentert svært mykje av det som finst langs kysten av lokale ølbryggeri og -produsentar, whiskey-entreprenørskap, og gamle vinkjellarar med smakfull vin. Inn mot Oslofjorden var det då sjølvsagt også naturleg med både konkurranse om øl-kunnskap, vinservering og kvinneleg sang om at «Rødvin jager alle sorger på vei!» Eg reknar med at opplegget har vore i god harmoni med regjeringas sommarplanar og folkehelsestrategi?

Så då er det vel også både rett og rimeleg når innføringsvekene for studentane no går over til hardt studiearbeid, og der vi kan registrere at på NTNUs Program for MATteknologi startar dei no med eit nytt emne innan produktutvikling: studentane skal lære teknologi og produktutvikling gjennom å brygge sitt eige øl. Det er vel inspirert av utdanningsministerens realfagssatsing?

I alle fall må det vel bli eit flott tilbod for studentkarrieren og studentkantinene?

Eivind Hasle

fylkesleiar i Actis,

Møre og Romsdal