Senterpartiet med Marit Arnstad seier dei vil ha rovviltforliket gjennomført ved at SNO skyt dei jervane som jegerane ikkje får tatt av fastsett kvote. Då har Arnstad eit stykke arbeid å gjere, for forslaget bygger på føresetnader som ikkje er til stades.

«Hver høst fastsettes det nøye avstemte kvoter for denne jakten, men disse har aldri blitt oppfylt», seier Marit Arnstad.

Siste manntal for jerv i Møre og Romsdal er frå 2013 og fortel om 2 ynglingar. Etter vanleg rekning vil det då normalt vere 13 jerv i fylket. DNA-prøver frå 2013 fortel om 13 ulike individ som er identifisert på dette viset. Ingen av desse metodane fortel nøyaktig kor mange jerv som er i fylket, men dei står godt til kvarandre, og det er ingen grunn til å tru at jervbestanden i Møre og Romsdal er vesentleg høgare.

Rovviltnemnda skal oppfylle rovviltforliket, og det er basert på at det etter endt jakt skal vere 3 ynglingar neste år, dvs. 19 dyr i alt. Rovviltnemnda si oppgåve er då at ein ved eventuell jakt skal få desse 13 dyra til å bli 19. Det er mogleg at naturen kan hjelpe til med nokre småjerv til våren, men så mange som 6 kan nok bli litt vanskeleg. Dessutan har rovviltnemnda fastsett ei «nøye avstemt kvote» på i alt 6 jerv som skal skytast først, viss ein skal ta Arnstad på alvor. Daude rovdyr ynglar ikkje, så då blir det ytterlegare vanskeleg å få til desse småjervane.

Naturvernforbundet trur ikkje det minste på at desse kvotene er nøye avstemt. Det er nok heller slik at nemnda har gjort som forvaltningsplana seier «I områdene uten mål om yngling skal det fastsettes tilstrekkelige kvoter for lisensfelling dersom det nasjonale bestandsmålet for jerv i regionen er nådd.» Naturvernforbundet les dette som at talet som kan skytast er minst så stort som det talet dyr som nemnda trur kan finnast i området.

Det kunne ha vore moro om skulane i fylket kunne rekne litt på dette. Skulane som får reknestykka til å gå opp så det vil vere ein bestand på minst 19 jerv i Møre og Romsdal utpå sommaren 2014 med Arnstad sine metodar, kan ta kontakt med underteikna. Dei som ikkje får til dette reknestykket, kan be Arnstad om hjelp.

Øystein Folden

Leiar Naturvernforbundet

i Møre og Romsdal