Planarbeidet for kryssing av Todalsfjorden er no inne på eit betre spor

I avisa Driva av 31. mars 2014 (s.6) har ordføraren i Sunndal, Ståle Refstie, eit tankevekkjande lesarinnlegg om Trollheimstunnelen AS. Av innlegget går det fram at no jobbar selskapet med flytebruløysing over Todalsfjorden. Refstie skriv slik: ”Denne løsningen kan bli rimeligere og lettere å realisere enn de traseene vi så langt har diskutert, og kobler dessuten riksveg 70 og den fergefrie fylkesveg 670 sammen på en god måte”. Dette synet høyrest fornuftig ut, slik eg ser det. Sjølv om påska er over kan det vere god grunn til å minne om fjellvettregelen der det heiter at det er inga skam å snu. Så også i dette høvet.

Det er også grunn til å minne på om at det ikkje er så lenge sidan fleirtalet i Surnadal kommunestyre vedtok at berre to alternativ skulle utgreiast. Det var langtunnel og undersjøisk tunnel. Eg fremma på vegne av FrP eit forslag om at brualternativet også skulle utgreiast. Dette forslaget fekk berre 6 røyster. To frå FrP, to frå Sp, ei frå H og ei frå SV. Resultatet i Sunndal kommunestyre var om lag det same. Når dette er sagt skal det sjølvsagt påpeikast at alternativet med flytebru ikkje var inne i diskusjonen den gongen, slik det er i dag.

I Surnadal FrP sitt program for denne kommunevalperioden heiter det at ein vil gå inn for kort tunnel og bru over Todalsfjorden under føresetnad av at dette ikkje er til hinder for framdrifta av Trollheimstunnelen. Eit slikt hinder er tydelegvis ikkje til stades i dag, og bra er det.

Eg meiner framleis at ei løysing med tradisjonell bru er det beste. Alternativet blir halde for å vere det mest kostbare, men anslaga er grove, etter som eg forstår. Flytebru vil eg rangere som det nest beste alternativet. Kostnadsmessig ser dette så langt ut til å kome best frå det. Av denne grunn skal ein ikkje sjå bort i frå at flytebrualternativet kjem til å gå sigrande ut, til slutt. Deretter kjem Trollheimstunnelen. Undersjøisk tunnel er så avgjort den dårlegaste løysinga, alle tilhøve sett under eitt, ikkje minst miljøomsyna, slik eg ser det. Kostnadsmessig er det rett nok berre flytebrualternativet som kjem betre ut enn undersjøisk tunnel. Men, kostnad åleine bør ikkje vere det utslagsgjevande når den endelege avgjerda skal takast.

Planarbeidet for kryssing av Todalsfjorden er no inne på eit betre spor. Eg er samd med ordførar Ståle Refstie når han i lesarinnlegget sitt av 31. mars hevdar at vi no må samle kreftene på Indre Nordmøre og stå på for fergefri kryssing av Todalsfjorden medan det enno er tid og handlingsrom. At kommunane må samkøyre det politiske arbeidet høyrer så avgjort med. I avisa Tidens Krav av 14. april i år kan ein lese at det no blir arbeidd med å få til opprusting av E39 på strekninga mellom Betna i Halsa og Stormyra i Hemne. Eit viktig møte om dette skal haldast 9. mai. Det heiter i avisomtalen at nær to milliardar ligg i potten. Vidare er det ei kjend sak at det blir arbeidd målbevisst for å få til ei ferjefri kryssing av Halsafjorden. Diskusjonen går på om det skal vere hengebru eller flytebru. Avisa Driva av 16. april (s.9) har brei omtale av temaet. Ordførar Ola Rognskog seier det slik: ”Jeg tror Halsafjorden er godt egnet som en flytebrupilot”. Frp sin parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik har sagt det slik til Driva: ”Om teknologien viser seg å være realiserbar fram mot oppstartingstidspunkt er vi ikke låst til hengebru, da bygger vi flytebru”.

Det er og slik at Møre og Romsdal fylkeskommune vil få store utgifter i åra som kjem til Nordøyvegen og opera i Kristiansund. Utfordringane er avgjort store.

Indre Nordmøre må ikkje hamne i ei kommunikasjonsmessig bakevje. No er tida så avgjort inne for samla satsing på brualternativet når det gjeld kryssing av Todalsfjorden! Det hastar!

Johs J. Vaag