For eit vær og for ein sommar vi har hatt i det siste. Eg trur knapt eg har opplevd å sjå tredvetalet på gradstokken i skyggen nokon gong tidlegare. Tropenetter er heller ikkje kvardagskost på våre kantar av landet.

Varmen har freista folk til badestrendene. Ting blir på mange vis mykje enklare når vi har slike dagar ein no opplever.

Vi hadde varmepumper i dei gamle lokala våre i hovudredaksjonen og har det også i dei nye lokala våre. Flotte greier. Det er ikkje varme, men kjøling pumpene har vore nytta til dei siste dagane. Medan varmen har slått mot ein ute i butikksenteret, har vi hatt behagelege arbeidstemperaturar på 22–23 grader.

Kveldane har vore så varme at det nesten har vore for fint å sitte inne og sjå på VM-kampane. Eg har fått med med nokre, og er mektig imponert over kvalitetsfotballen dei fleste kampane har bydd på. Synd at vertsnasjonen ikkje nådde finalen. Tenk for ein fest det hadde vorte om dei gjekk heilt til topps. Rart å sjå at det som mange meiner er verdas beste fotballnasjon, kan gå på ein slik kollaps som dei gjorde mot Tyskland.

Forfattaren, fotballentusiasten og Brasilvennen Jon Michelet er mellom dei som tek tapet tungt. – Dette var fotballkampen frå helvete. Det er det verste eg har vore med på når det gjeld fotball, uttalte Michelet til Dagbladet da dei ringde han for å få ein kommentar etter kampen. Han er ikkje i tvil om at det brasilianske folket har det tøft etter den totale audmjukinga. Han samanliknar det brasiliaranane no opplever med den samme audmjukinga vi nordmenn ville ha følt om Danmark slo oss i ein herrestafett i langrenn under olympiske leikar.

Vel vel, fotballresultat er ikkje til å spøkje med. Argentina får det tøft i finalen, men det hadde vore artig om dei klarte å bli verdsmeister for tredje gong.

Artikkelen sto på trykk i fredagens Driva.