Samtidig som avisene melder om 2697 drepne palestinarar og 46 drepne israelarar i 5 krigar mot Gazastripa 2006-2014, derav over 600 palestinarar og 29 israelarar denne gongen (jf Klassekampen 23/7) – nyttar KrF-politikar Steinar Reiten høvet til eit forsøk på karakterdrap på Mats Gilbert (jf RB 21/7 og Smp 22/7 (!). Reiten kan vanskeleg ta frå professorane Gilbert (og Fosse) at dei er dyktige og uredde legar. Men det synest svært viktig å svekke Gilbert som informasjonskilde om det som skjer på Gaza-stripa som ei følgje av det som m.a. ser ut som israelske målretta terror-åtak på sjukehus, skolar og den innesperra sivilbefolkninga.

Bakgrunnen er ikkje ei konkret påvisning av kva det er av informasjonen frå Gaza som er feil, men ei svært vondsinna tolking av ei Gilbert-fråsegn frå 2001, kombinert med synspunkt på Irakkrigen, Pol Pot og sterk adjektivbruk om forkvakla politisk ideologi. Det synest viktig å svekke Gilbert mest mogleg som informasjonskjelde. Helst skulle vel Israel seigpine og drepe palestinarane utan at augnevitne og omverda såg kva som skjedde ?

Heldigvis er både representanar for det mosaiske trussamfunn (jf Adresseavisen 19/7), den norske kyrkja og verdskyrkjerådet vesentleg meir nøktern i sine reaksjoner på den tragiske, kortsiktige og folkerettsstridige politikken som staten Israel for tida fører mot palestinarane. Reitens innlegg fortel lite om Gilbert – men svært mykje om Steinar Reiten !

Eivind Hasle