Svar til Øystein Folden.

Det er med undring eg i fleire aviser les Øystein Folden (ØF) sine funderingar over rovviltnemnda (RVN) sitt arbeid. Natuvernforbundet (NF) følgjer arbeidet vårt tett og kjem jamnleg med innspel og klager på våre vedtak. Difor veit eg at ØF er godt kjend med kva vi har gjort for at bestanden av jerv innafor område med mål om yngling i Møre og Romsdal (MR) skal ta seg opp. Dei to siste åra har RVN nemleg sett lisenskvoten i dette området til null. Det betyr at alle jervekulla der får vekse opp!

Forskarane reknar ei årleg yngling som bortimot 7 dyr. 3 årlege ynglingar tilsvarar difor ca. 20 dyr. Så langt er det i år dokumentert 3 ynglingar i MR. To av ynglingane var rett nok i Trollheimen, men både dokumenterte (stadfesta frå SNO) som drept av jerv, og ikkje dokumenterte tap av dyr på beite, fortel tydeleg at det er mange jervar også innafor område med mål om yngling. Det er svært vanskeleg å dokumentere både ynglingar og tapte dyr på beite. Fjellet er vidt og etter at t.d. eit lam er drept tek det utruleg kort tid før åtseletarane har fjerna det aller meste. Berre nokre ulldottar avslører at her har ein sau måtta bøte med livet. Difor blir berre ca. 2-5% av dei erstatta dyra dokumenterte.

Jerven er revirhevdande, så når det kjem unge jervar, ja endåtil ynglingar på utsida av Dovrefjell, Sunndalsfjella t.o.m. Reinheimen er det gjerne fordi stammen er tett innafor område med mål om yngling. Då Trollheimen vart teken ut av dette området i 2011 var gjennomsnittet for dei siste tre åra over tal ynglingar utanfor Trollheimen godt over tre. RVN prioriterte Trollheimen som beiteområde også fordi der er det einaste sør-samiske tamreinområdet i MR.

RVN har ansvar for å oppfylle Stortinget si målsetting om ti årlege ynglingar av jerv, tolv av gaupe og tre av bjørn. Med unntak av bjørn har vi sidan starten overoppfyllt både for jerv og for gaupe (minus 2013). Overoppfylling er heller ikkje bra, for då blir det store tap av beitedyr og stor frustrasjon og fortvilelse for dyreeigarane. Difor gjer RVN sitt beste for å halda balansen på det målet Stortinget har sett for oss. Likeeins styrer vi etter den todelte målsettinga, både beite- og rovdyr i same område. Det skal sjølvsagt framleis vere råd å drive med beiting også innafor områda med mål om yngling. Der blir førebyggjande tiltak og eit fungerande skadefellingsregime viktig. Vi treng bøndene for framleis å ha levande bygder.

Men kva gjer NF? Dei prøver svært ofte å stoppa forvaltninga sitt forsøk på å regulerer rovdyrstammane. Når det gjeld gaupa i Møre og Romsdal, så har NF klaga på kvotevedtaka i alle år etter at det vart oppretta kvotejakt på nordre Nordmøre. Kva skjer så når ingen gauper blir tekne ut? Jau, stammen veks. I år er det dokumentet 4 ynglingar i Møre og Romsdal, d.v.s. ca. 25 gauper. Det er 100 % meir enn vi har målsetting om!

Kva vil Naturvernforbundet gjere no? Eller er det nok å gjere halve jobben?

Toril Melheim Strand, Ap

Nestleiar i rovviltnemnda i reg. 6