I år markerte Øye skule FN-dagen den 24. oktober ved å gjennomføre skulejogg, der dei både jogga, løp, lunta og gjekk rundt banen på idrettsplassen.

På førehand sende skulen med ungane informasjon om dette heim til foreldra, som vart oppmoda om å sende med ungane ein frivillig «jogge-20'er» – eller to til årets aksjon.

Eit av forslaga frå skulen var å engasjere elevane ved at foreldra kunne avtale eit beløp med dei, som gjekk på kor langt, eller kor mange rundar dei klarte å springe.

Responsen på dette var kjempegod, og skulejoggen resulterte i rundt 10 500 kroner! På toppen av dette samla kreative elevar inn enda 3500 kroner.

– Elevar frå 6C stekte bakels og selde til oss tilsette og elevar, så med dei 3500 kronene som dei fekk inn, vart totalsummen til Redd Barna på 14 017 kroner, fortel rektor Odd Arild Sande, som naturlegvis er veldig godt fornøgd med det.

I gjennomsnitt samla elevane altså inn cirka 45 kroner kvar, noko som er kjempebra. Pengane er no overlevert Redd Barna, der dei kjem til god nytte for barn som garantert ikkje er like privilegerte som elevane ved Øye.