Hjortfesta har tradisjonar sia 1970-talet i Todalen, og det er Todalen idrettslag som er arrangør. Rolla som vertskap går på omgang mellom jaktlaga i bygda, og det bys som oftast på varmrett med viltsmak og litt lett underhaldning frå scena. Årets fest var ikkje noko unntak å så måte, og menyen bydde på hjortkjøttkaker med tilbehør, som falt i smak hos gjestane. Underhaldninga falt også i smak, der Nils Ove Bruset bydde på ein munter monolog som inneheldt både sjølvironi og muntre spark til ein og kvar.

Nils Ove var heit uvitande og totalt overraska da han vart kalla opp på scena for å ta i mot ”den Gyldne Patron”. Den går til ein person som har utmerka seg gjennom positivt arbeid for bygdesamfunnet på ein eller anna måte, sa Lars Stensby som var festleiar og delte ut prisen.

Nils Ove må være ein verdig mottakar av denne prisen, for han har vore bidragsytar på mange frontar gjennom mange tillitsverv i mange lag og organisasjonar og spesielt i Todalen Idrettslag. Vi kan nemne fleire år som leiar i Todalen I.L., prosjektleiar både for bygging av ballbinge og ny lysløype. Han har og vore rennleiar for Norgescup og NM i randonee i Todalen, delaktig i hovudkomiteen for Todalshelga og ikkje minst aktiv skribent og aktør for julerevyane i bygda. I tillegg har han delteke både på fotball og representert Todalen I. L. både i Birkebeinerrennet og Vasaloppet. Og vi kunne sikkert ha ramsa opp mykje meir.

Også denne kvelden var han altså med i arrangementskomiteen og vart eigentleg rundlurt av ”sine egne”. Men Nils Ove var glad for prisen og for den oppmuntringa den er, og retta ein takk til kona Jorunn for den hjelp og støtte ho har vore oppgjennom åra.

Nils Ove er oppteken av lokalsamfunnet og da vi gratulerte etter prisutdelinga tok han til orde for at det kanskje er på tide å revitalisere hjortfesta. Han hugsa at det var vanleg med 170-180 deltakarar tidlegare og tykte det var for dårleg oppslutning på årets fest med 60-70 deltakarar og det er berre ein tredel att.  – Vi snakkar så fint om å ha ei levande bygd, og da er det viktig at vi tek del i slike sosiale tiltak for å halde bygdesamfunnet i gang.

Det må kanskje vurderast om tidspunktet er rett – det er no julebordtid, og det er mykje som skjer denne tida.  Tidlegare skulle hjortfesta markere at jaktsesongen var slutt – men den varer no heilt til jul. Kanskje er det meir fornuftig å flytte hjortfesta til etter nyttår, seier Bruset.

På spørsmål om han har nokon nye fanesaker på gang er han snar til å nemne julerevyen ”Rikets tilstand”. Der er vi no godt i gang med arbeidet, og skal være godt skodd til premieren 3. juledag.

– Og så er det NM i randonee da, det skjer på Kårvatn i midten av februar, sluttar Bruset.