Det var orda til Tove Merete Schei i Kreativt Forum, da torgdagen på Skei stod på sitt høgaste søndag ettermiddag. Det var over førti utstillarar, med utstillingar og salgsboder både ute på torgplassen og i tre etasjar på kulturhuset.

Det strøyma på med folk utover dagen og utstillarane opplevde eit eventyrleg sal – spesielt dei som bydde fram mat av ymse slag gikk faktisk tom for enkelte varer ganske tidleg.

Det var eit stort mangfald i vareutvalet som vart bydd fram på torgdagen, og det var det nok mellom kundane også.

Etter kvart vart det både store og fulle bæreposar blant folk som bevega seg rundt på torgplassen og mellom dei mange utstillingane som var innomhus i kulturhuset. Det blir nok mange julegåver som kjem frå juletorget i år, og utan tvil vart det nok både salsrekord og besøksrekord, for det var til tider mykje folk både ute og inne. Borna fikk også forlyste seg i kinosalen denne dagen, der det vart køyrt julefilmar heile dagen.

Surnadal hornmusikk inviterte på minikonsert  i Galleriet, der vi fekk smaksprøvar på deira julerepertoar og starta med ”Bjelleklang”. Dei hadde for høvet med seg to songsolistar – Halvor Drøpping og Toril Moe.

På Juletorget kunne du treffe naboen eller andre kjente for å slå av ein prat eller ta ein kaffepause og nyte bakels og graut, eller nystekte sveler for den saks skuld – og berre slappe av og nyte adventsstunda. Dersom du ville gå eit skritt lenger, var det berre å gå opp troppa og prøve hotellets familiejulebord.

- Det er vel dette som ein kan kalle for ei levande bygd.

Tente julegrana

Tenning av julegrana var og ein av aktivitetane denne dagen, og presis kl 16 vart lyset sett på, og Surnadal hornmusikk  stemte i med julsongar til gangen rundt juletreet. Dei minste hadde nok venta lenge på at dette skulle skje og sette stor pris på å få kome i gang.

Etter kvart kom også julenissane med julegåver i sekken.  Mange var nok litt skeptiske på julenissen, men etter kvart våga dei seg frampå for å få ei lita helsing frå nissen, som sikkert kom frå Knykjen.