Samferdselsavdelinga har foreslått justeringar og endringar i kollektivtrafikken i fylket som samferdselsutvalet skal ta stilling til i møte 7. desember. I forslaget var det mellom anna lagt opp til at ferjeavgangane mellom Kvanne og Rykkjem skulle flyttast eit kvarter fram slik at avgangene frå Kvanne skulle gå klokka 5.45 og 6.15.

Kommunane Surnadal og Sunndal protesterte i utgangspunktet ikkje på dette. I ettertid har det komme innspel frå pendlarane som viste til at ei slik endring ville føre til at mange fleire ville samle seg om 6.15 avgangen, og at dette ville føre til mange attståande bilar.

Surnadal kommune har påpeika dette over for administrasjonen i fylket som no legg opp til ikkje å gå vidare med  forslaget, men vil vurdere dette på nytt viss neste anbod krev ei større ferje i sambandet.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gått inn i ferjestatistikken for sambandet i 2014 og sett på om dette kan bli eit kapasitetsproblem på 6.15 avgangen.

"- Trafikken er stigande frå måndag til fredag. 267 kjøretøy er registrert som attståande i 2014, og det er mest attståande kjøretøy på ettermiddagen. Ser ein bort i frå helg er kvardagen med mest attståande fredag der totalt 60 kjøretøy stod igjen i 2014. Går ein inn i grunnlagsdata på avgangsnivå og tek utgangspunkt i at alle reisande på 6.00 og 6.30 avgangane vil ta den nye 6.15 avgangen, der ferja sin kapasitet på 36 PBE (krav i kontrakt er 35 PBE)er lagt inn, ser ein at det under ein slik føresetnad vil verte ei auke i attståande," skriv administrasjonen i samferdselsavdelinga.