I eit lesarinnlegg kjem dei to med mange argument som talar mot å bli ein del av Trøndelag slik sterke krefter både innan politikk og næringsliv på delar av Nordmøre har teke initiativet til:

- Folketalsutviklinga for Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal, samt for Nordmøre spesielt, viser at storbyen Trondheim verkar som ein støvsugar, og at det er storbyen og omlandskommunane i ein avstand på 30-45 min som veks. Utanfor denne Trondheims-regionen er nedgangen i folketal større i Sør-Trøndelag enn på Nordmøre. Det er ingen nordmørskommunar som ligg så nær Trondheim at vi vil bli vekstområde ved å byte fylke, skriv dei to.

Kvifor skal Nordmøre bytte fylke?

Det må i så fall vere for at det skal gje auka vekst og meir robuste samfunn: auka folketal, fleire og større bedrifter, fleire offentlege institusjonar, betre miljø, auka trivsel, auka kompetanse, auka motstandskraft mot klima- og miljøpåverknad, auka motstandskraft mot økonomiske og sosiale endringar – og auka påverknad på avgjerder. Kva er det som seier at større fylke eller regionar vil bidra til dette?

Møreforsking har gjort ei utgreiing på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet – der dei seier at dagens fylkesinndeling kan fungere bra dersom talet på kommunar er rundt 300 og med mindre endringar i oppgåvefordeling mellom kommunar og fylke og stat. Og det er vel der vi står! Viss talet på kommunar blir ned mot 80-150 kan det bli problematisk med oppgåve- og myndefordeling mellom små fylke og store kommunar, og Møreforsking meiner da  at 10-15 regionar kan vere høveleg.  Storleiken og strukturen på det regionale nivået er altså avhengig av kommunestrukturen og kva oppgåver kommunane får.

I Senterpartiet vil vi ikkje ha større regionar og kommunar utan reell overføring av makt, mynde og ressursar. Det er ikkje vilje til ei slik lokaldemokrati- reform. Staten held på makta og pengane. Dermed vil vi i Senterpartiet arbeide for å behalde ein småmaska kommunestruktur og vi ser ikkje da nokon fordel med større fylke. Vi meiner oversiktlege strukturar er mest framtidsretta med tanke på morgondagens utfordringar slik dei er omtalt over, og at det gjev størst demokratisk medverknad for folk flest.

Folketalsutvikling?

Folketalsutviklinga for Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal, samt for Nordmøre spesielt, viser at storbyen Trondheim verkar som ein støvsugar, og at det er storbyen og omlandskommunane i ein avstand på 30-45 min som veks. Utanfor denne Trondheims-regionen er nedgangen i folketal større i Sør-Trøndelag enn på Nordmøre. Det er ingen Nordmørskommunar som ligg så nær Trondheim at vi vil bli vekstområde ved å bytte fylke. Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag har faktisk betre regional fordeling og utvikling, truleg fordi dei har fleire mindre byar og tettstader. I Møre og Romsdal har Nordmøre ei litt dårlegare utvikling enn Romsdal, medan Sunnmøre har bra vekst. Altså følgjer vi trenden – størst vekst rundt den som er stor frå før.

Politikken?

Raseriet på Nordmøre er først og fremst retta mot statlege avgjerder om helseføretak/sjukehus og politimeister. Dette er vedtak fatta av eit fleirtal på Stortinget av AP, H, FrP, og delvis V og KrF. Dei vil at såkalt «faglege beslutningar» basert på «faglege utgreiingar» skal bestemme lokalisering og organisering. Det er nettopp desse såkalt «kunnskapsbaserte, faglege innstillingane» som gjer at Nordmøre har tapt. Nordmøre har tapt fordi politikken har abdisert og fordi det nasjonalt ikkje er vilje til ein politikk for regional utjamning. Så da blir alt opp til kvar enkelt – kva vi greier å skape sjølve innanfor ein slik marknadsbasert og sentraliserande politikk der storbyane tek veksten.

Utgreiingar hjelper ikkje mot ein fråverande distriktspolitikk. Sp foreslår at det vert plukka ut nokre område i landet som framfor andre må prioriterast med statlege verksemder og ekstra verkemiddel for næringslivet elles. Nordmøre vil vere på vår liste.

Økonomi?

For å presse gjennom kommunesamanslåing vert det sagt at kommunane skal få behalde dagens inntekter i 15 år dersom dei slår seg saman. Viss dei ikkje gjer det, skal dei få mindre inntekter. Med færre kommunar og over litt tid blir det langt mindre rammeoverføringar frå staten til Nordmøre. Det gjev mindre utviklingsrom og mindre ressursar til kommunale tenester, og det gjev verken meir fornøgde innbyggjarar eller meir robuste samfunn. Sør-Trøndelag fylkeskommune har meir gjeld enn Møre og Romsdal per innbyggjar, brukar mindre på vidaregåande skule, fagskular og samferdsel. Så kvifor vil vi dit?

Påverknad og slagkraft?

Nordmøre har hatt mange sentrale politikarar over lang tid, særleg frå AP. Det er nok å nemne Asmund Kristoffersen, Tove-Lise Torve, Else-May Botten, Jan-Erik Larsen, Pål Lønseth frå AP dei seinare åra, Jenny Klinge frå Sp, Pål Farstad frå V, Steinar Reiten, vara for KrF. Likevel har ting blitt som dei har blitt. I enkeltsaker har stortingspolitikarane betydd mykje, t.d. Pål Farstad for Høgskolesentret, KKKK-festivalen, NORSØK m.m. Torve/Klinge for Nofima osv. I Sør-Trøndelag er det berre Heidi Greni frå Sp av dei faste stortingsrepresentantane som kjem utanfrå storbyregionen. Dette gjer at t.d. på samferdselsområdet er det null fokus på E 39 og ferjedrift. Kva påverknad vil Nordmøre få på Stortinget og i regjering med ein ny valkrets som omfattar Trøndelag og Nordmøre – og sannsynlegvis Romsdal? For dersom Møre og Romsdal blir splitta som fylke, er det ikkje nokre få Nordmørskommunar som bestemmer korleis det nye regionkartet skal sjå ut. I så fall blir det nok anten heile Møre og Romsdal til Midt-Norge, eller Nordmøre og Romsdal til Midt-Norge og Sunnmøre til Vestlandet. Nissen på lasset.

Dårleg behandla i Møre og Romsdal?

På fylkestinget har Nordmøre 14 av 47 representantar (30%). Det er bra i forhold til at vi har ca 25 % av folketalet. Vi har sett på fordeling av midlar innanfor kultur, regional- og næringsutvikling, utdanning og samferdsel dei siste åra, og Nordmøre kjem bra ut når det gjeld prioriteringar frå fylkeskommunen. Og det skulle berre mangle. Den delen av fylket som treng mest stimulans må få det, det er i alle fall Sp si haldning. Ropet om å få flytte til Trøndelag gjev ikkje ekstra velvilje frå fylkestinget.

Vinnarane?

Ingrid Fiskaa frå SV hadde ei glitrande oppsummering av dei fire lotto-vinnarane i denne reform-leiken; Nr 1. Reklamebyrå og konsulentar-  Nr 2 Lokale toppbyråkratar -  Nr 3 IT-leverandørar - Nr 4 Heiltidspolitikarar. Og sanneleg ser vi ikkje at det er nettopp desse som er dei store forkjemparane for både kommune- og regionreform.

Kristin Sørheim og Jenny Klinge

Senterpartiet