Årets jordbruksforhandlingar blir å rekne som «elddåpen» for nyvald leiar for Møre og Romsdal bondelag, Oddvar Mikkelsen frå Nordvik i Surnadal. Måndag la bøndene fram sine krav, og 4. mai kjem staten med sitt tilbod. Det blir travle tider for fylkesleiaren framover.

Kva er målet for bøndene i jordbruksoppgjeret?

– Vi har lagt fram eit krav om ein auke på 860 millionar. I samband med dette hadde vi ei markering i Volda med representantar frå Ørsta og Volda. Landbruksminister Jon Georg Dale kjem jo frå Volda, men var ikkje til stades på denne markeringa. Auken svarar til ei inntektsauke på kr 20.800 i snitt og skal bidra til å minske inntektsgapet. Gjennomsnittsinntektene i landbruket har jo gått ned i ei årrekke, og vi ligg no på rundt to tredelar av det andre grupper i samfunnet tener.

Gjeld kravet 20.800 flatt til alle?

– Nei, vi ønsker å auke snittlønna meir for mindre bruk. Det totale kravet er elles det same som i fjor, og vi fekk betre utteljing i fjor enn det som var lagt til grunn. Med moderate oppgjer elles i samfunnet, håper vi å kunne jamne ut litt av inntektsgapet i høve til andre grupper i år. Vi konstaterer at representantane for regjeringa tok imot kravet på ein respektfull måte, og håper det lover godt for eit godt resultat. Om vi får kravet oppfylt, vil bønder i Møre og Romsdal kome relativt godt ut. Når det er sagt, har eg heile vegen vore motstandar av at dei mindre bruka skal få ein auke på bekostning av dei store bruka. I kravet ligg det at også dei store bruka skal kome ut med ein auke.

Ligg det andre ting i kravet enn berre kroner og øre?

– Ja, det ligg også ein klimaprofil her ved at det må bli lønnsamt for bønder å gjere grep for å betre klimaet. Vi konstaterer at politikarar, til og med statsministeren, har drege fram metangass frå husdyrhald som ein klimaversting. Dette er jo ei klar misforståing, og at landbruket også bind mykje CO2 er ikkje teke med i reknestykket. Det er fullt muleg å redusere på klimautsleppa i norsk landbruk, men då gjennom å begrense transport både på råvarer og ferdigvarer og satse på korteist mat. Det gjev store utslag på klimarekneskapen å importere kjøtt frå Brasil framfor å produsere maten så nær forbrukarane som muleg. Styresmaktene har ei oppgåve her i å legge til rette for at det som er mest klimavennleg, også er mest lønnsamt for matprodusentane. Det skal vere muleg, og eg trur no at Frp har begynt å innsjå skadeverknadene av sin eigen landbrukspolitikk.

Vi skjønnar det ligg an til travle tider for ein fylkesleiar her?

– Jau, eg må trappe ned på noko for å rekke over alt. Eg jobba 60 prosent stilling i Norgesfôr ut mars, og gjekk då ned på 20 prosent, men skal slutte heilt. Eg driv jo gard sjøl i tillegg til å vere bondelagsleiar. Det blir lamming og jordbruksforhandlingar, og midt oppi dette er eg innkalla på HV-øvelse, så det blir hektisk. Eg håper å få mulegheita til å vere tilgjengeleg på mobilen mellom slaga.

Og så er du jo oppteken av kommunereforma i tillegg?

– No vart det jo eit litt sprikande resultat av avstemminga der kommunar med fleirtal for å slå saman opplever at kommunane dei ønsker å slå seg saman med ikkje vil det. Uansett endeleg resultat av reforma, må vi satse på å oppretthalde lokale arbeidsplassar i alle delar også av sammenslåtte kommunar. Ein må fremme bulyst både i utkantane og på sentrum. For heimbygda sin del er eg spent på skuleutbygginga på Øye. Eg er redd for at det byggast så stort på Øye at dette blir brukt som argument for å flytte elevar frå grendeskulane til sentrum. Det er klart at den gamle delen av byggmassen er nedsliten, og at elevplassane på Øye treng oppgradering. Eg trur elles resultata av reforma blir til å leve med. Vi må unngå steile frontar og hugse på at vi skal snakke saman etterpå også.

Og gardbrukaren Oddvar Mikkelsen?

– Det blir jo våronn og lamming framover da. I tillegg til storfe, har eg nokre sauer. Så langt har vi hatt 2,5 lam i snitt per tikse, og det blir spennande i år òg å sleppe dei ut. Det er observert gaupe i området og konstatert ei familiegruppe meir enn tidlegare anslått. Og så er det sett jerv lenger inne i dalen, så det blir litt spent. No ser vi at mange yngre folk har satsa på sau i Surnadal, noko som har kome som følge av vedtaket om eit Trollheimen fritt for ynglande jerv. Elles har våren vorte litt seinare enn det såg ut til ei stund, og det tek nok på tida før vi kan sleppe sauene i fjellet.

Ei oppfordring til dine sambygdingar?

– Då vil eg oppfordre folk til å takke bonden for møkkalukta no utover våren og hugse på at lukta inneber at det blir produsert lokal og kortreist mat.