Onsdag møtte Surnadalsrussen representantar for politi, ambulansetenesta, Senter mot incest og valdtekt og sanitetsforeiningane i distriktet til russetreff i Surnadal Sparebank.

Russen fekk råd om korleis dei skal gå fram for å gjere russetida best muleg og tryggast muleg både for seg sjølv og medrussen. Komande laurdag er det nemleg russedåp framom Surnadal kulturhus med ordførar Lilly Gunn Nyheim som prest. Frå då av er russetida i full gang.

Politet er opptekne av at russen oppfører seg trygt i trafikken, og også at dei held eit moderat alkoholinntak slik at dei ikkje mister kontrollen.

Dei fekk også lære nyttige grep om førstehjelp av representantar for ambulansetenesta medan SMISO (senter mot incest og valdtekt) presiserte viktigheita av å respektere grenser. Dei delte ut boxershorts med påskrifta "Eg tek ansvar".

Sanitetsforeiningane med fylkeslaget, Todalen, Torvik, Øvre Surnadal og Rindal spleisa også i år på goodiebags med diverse nyttig innhald.

Også vertskap for treffet, Surnadal Sparebank, orienterte om tilbod frå banken blant anna på sparing for unge.

Les om saka og sjå fleire bilde på todalen.no