Ingrid Megård Sæter, utdanna i London og busett i Oslo, er klar for nok ein sunnmørssommar.

I sommar skal ho først sjå på lady-spelet på Sunndalsøra før turen går til Sunnmøre og rollen som Unn, dotter til herøyhovdingen i Herøyspelet.

- Det er utfordrande og artig å vere Unn. Eg har som oftast vorte tildelt roller som er fine og søte, flink pike, men Unn utfordrar meg på fleire plan og let meg få ned i dei mørkare emosjonane.  I tillegg vil eg prøve å vise «slem-sida» og spele festarmannen min, Ingolf, meir ut mot Møre-Karl som eg har rømt med.

Herøyspelet vert i år vist for 25. gong, og gjennom åra med Herøyspelet Kongens Ring har om lag 60.000 personar sett spelet. Dei har opplevd utandørs magien der Stadhavet og den høge himmelen, ver og vind skaper stadig nytt lys og nye stemningar. Det er kjærleik og sjalusi, opprør og lengt, fødsel og død som vert spelt fram i store massescener der alle dei 200 aktørane er på scena og små, vare tablå.

- Det er eit fantastisk spel og ei historie som har alt som skal vere med. Fantastiske kostymar, fantastisk musikk og fantastiske kulissar. Det er å trekke vinnarloddet å sitje her å kike på spelet, sa dåverande leiar for Barneteatret vårt, Eva Mørkeset då ho opna spelet i 2015.

I år skal Megård Sæter spele mot folkemusikar Sigrid Moldestad som skal vere mora hennar i spelet. Faren er Gerald Pettersen som har regissert spelet sidan starten i 1992, og som no sluttar ringen med å også spele herøyhovding slik han gjorde under første oppsetninga.  Han er til dagleg tilsett på Den Nationale Scene i Bergen, og frå Frå Den Nationale Scene kjem også Eirik del Barco Soleglad som Ingolf Ynda og Frode Bjorøy som Karl-Mørske. Audun Sandem er tilbake som Kong Olav Haraldsson og Idun Losnegård som Kjerring Bråte. Trollmannen Fe den Synske vert spelt av Ghopi Prabaharan.

Herøyspelet er første helga i juli. Spelet vert vist i Herøy amfi som ligg på sagaøya Herøy der folk har samla seg i hundrevis av år både fordi øya har vore eit kyrkjeleg senter og etter kvart også handelsstad.