- Vi følte eit behov for å fortelle til alle at vi opplever kvaliteten på Surnadal vidaregåande skole som betre enn det resultatet av SØF-rapporten viser, seier fylkesutdanningssjef Rune Opstad.

Difor har han lagt litt meir i besøket i Surnadal enn i besøka til andre skular. Vanlegvis møter folk frå utdanningskontoret i Molde skuleleiinga, men i Surnadal har Opstad utvida kontaktflata også til å gjelde tillitsvalde elevar og lærarar med tanke på at skulen har fått det lågaste resultatet i fylket i rapporten.

- Eg tykkjer litt synd på lærarane som vi veit legg ned ein dagleg innsats for å skape ein god skule, seier han.

Høg vekt på grunnskulekarakterar

Han påpeiker at utrekningane i høg grad tek omsyn til inngangskarakterar frå grunnskulen - som viste ein score på 4,19 - altså ganske så høgt.

Det er tilhøvet mellom dette høge talet og eksamenskarakterane frå vidaregåande skule tre år etter som gjev så store utslag. - Med dyktige elevar frå grunnskulen, er det forventa at dette nivået skal halde seg også gjennom vidaregåande, seier utdanningssjefen.

Rektor ved Surnadal vidaregåande skole, Mons Otnes, legg ikkje skjul på at det var ubehageleg å få desse tala, og at dette har vore eit vesentleg problem for omdømmet til skulen.

Betring dei neste åra

- Men vi kan ikkje berre gøyme oss bort og seie at rapporten er feil eller at det dreier seg om fleire år gamle tal. Det viser at vi berre må stå på og jobbe. Samtidig er det litt krevjande at rapporten ikkje indikerer kvar vi får det store droppet som viser kvar kreftene må setjast inn. Men vi ønsker å vise at vi tek dette på alvor, sjølv om vi ikkje heilt klarer å knekke koden for kvar vi kan ha gjort feil, seier han.

Fylkesutdanningssjefen konstaterer at eksamensresultata ved skulen har betra seg både i 2013 og 2014, og at dette truleg vil gje seg utslag i ei betring i neste rapport.

Det har vore antyda at det kan kome årlege rapportar etter kvart, men utan at Opstad kan bekrefte dette.