Leiar i Surnadal næringsforeining, Stig Sæter, kunne ønske ei stor forsamling velkomen til næringslivslunsj og orientering om kraftlinjeutbygging og rehabilitering av damanlegg - begge prosjekt som kan gje arbeid for lokale tilbydarar. Sæter fleipa litt med at det kanskje var byte av leiarskap i næringsforeininga istadenfor interessant tema som trekte så mykje folk.

Statnett bygger ny 420 kV kraftlinje mellom Namsos og Surna der byggetrinn 1 er kostnadsberekna til 3,4 – 3,7 milliardar kroner.

Byggeprosjektet blir sett i gang for å kunne realisere vindkraftutbygging i Trøndelag, samt å betre straumforsyninga i heile regionen.

Konserndirektør i Statnett, Elisabeth V. Vardheim opplyser i ei pressemelding at kontraktar som er tildelt fram til no har gått til lokale og regionale entreprenørar, noko som viser at Midt-Norge har eit konkurransedyktig næringsliv.

Inne i prosjektet ligg skogrydding, opparbeiding av vegar og baseplassar, støyping av fundament, mastereis og leidningstrekk - samt innkvartering av mykje folk.

Surnadal næringsforeining inviterte måndag til lunsjmøte med kraftutbygging og nett som tema – og med fokus på kva dette kan innebere for det lokale næringslivet.

God slump til lokale

Og interesserte lokale næringsaktørar fylte altså Horisonten Restaurant ved Vårsøg hotell i Surnadal for å høyre på orienteringa frå kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson, og kraftverkssjef i Statkraft, Arild Gjerdevik.

Nilson opplyste at erfaringsvis plar 15–25 prosent av kontraktane i slike store prosjekt å gå til regionale og lokale aktørar.

Samla lengde på prosjektet blir på 270 kilometer, men lokalt vil det nok vere den 63 kilometer lange strekninga mellom Snilldal (tidlegare Snillfjord) og Surna (tidlegare Trollheim) som bør vere av interesse for lokale tilbydarar av tenester.

250 mW vindkraft frå Fosen og Hitra skal førast inn til vårt distrikt. Utbygginga startar allereie i mai-juni i år og ventast å vere ferdigstilt i 2019.

Andre byggetrinn mellom Snilldal og Åfjord skal vere ferdigstilt i 2028.

Må vere offentleg

Når det gjeld grunnentreprise for transformatorstasjonar er denne tildelt, medan totalentreprisen er under evaluering.

For skogrydding er strekninga Namsos-Åfjord tildelt, medan dei har motteke tilbod for strekninga Snilldal – Surna – som er under evaluering.

Vi ser at også førespurnader for veg- og baseplassar på strekninga Snilldal – Surna er tildelt.

Hitra Anleggsservice, Jernbetong AS på Melhus og SN Entreprenør på Sunndalsøra har fått desse kontraktane, og dagleg leiar for Surnadal Transportpartner, Atle Norli, understrekar at det er desse underentreprenørane dei lokale tilbydarane må forhalde seg til. Han ønsker å få bekrefta at alt av slike entreprenørar blir offentleggjort så snart oppdraga er tildelt. Nilson bekreftar at dette vil bli gjort.

Elles vil det vere behov for regionale og lokale tilbydarar til hovudentreprenør på graving av fundament og grøfting til jording av mastepunkt, på betongarbeid og på helikoptertransport. Ein reknar 20–30 timar flytid per kilometer kraftleidning og 17 tonn med materiale per mastepunkt.

Mykje innkvartering

Når det gjeld transport langs bakken reknar ein 150–200 tonn per kilometer kraftleidning. Det vil vere behov for leige av maskineri som mobilkran og elles av utstyr og verktøy, samt leige av bil, snøskuter og ATV.

Det vil vere behov for verkstadplass for bilar, maskiner og elles alt av mekanisk utstyr – samt av avfallshandtering. Det vil også vere behov for leige av kontorplassar.

Det ligg an til eit par gode år for dei som leiger ut overnattingsplass då det vil vere behov for innkvartering av 80–100 mann i to sesongar per 100 kilometer kraftleidning – samt innkvartering av 10 – 40 mann i to år per basestasjon.

Kontaktpunkt for lokalt næringsliv vil først og fremst vere hovudentreprenør – som ein lovar blir offentleggjort på Statnett sine heimesider.

Dammar for framtida

Men det er ikkje berre Statnett som bygger ut i åra framover. Statkraft renoverer sine damanlegg på Nordmarka dei to komande sesongane. Kraftverkssjef Arild Gjerdevik nemner at dei bruker 5–10 millionar på årlege modifikasjonar, medan dei vil bruke 65–70 millionar på oppgradering av anlegga på Nordmarka. Tore Løkke AS frå Åfjord har fått hovudentreprisen på damutbetringa.

Frå 2018 vil Statkraft rehabilitere damanlegga på Foldsjøen og Gråsjøen samt på Rinna. Det dreier seg om totale investeringar på 750 millionar dei komande åra, der Gjerdevik påpeiker at deler av arbeidet heilt sikkert vil ende opp lokalt. Lokale leverandørar kan ta kontakt med Gjerdevik direkte, for at han kan formidle informasjon vidare til innkjøpsavdelinga i Trondheim.

Inne i summen ligg bygging av aggregat II med ein totalkostnad på 260 millionar. Dette prosjektet er ute til høyring, og Gjerdevik håper det går igjennom.