Hans Olav Settem har hatt ein særs hektisk etterjulsvinter og vår med fullføring av bachelorstudiet og det ein må kalle gjennombrot for indiepopbandet Whales & This Lake. Fredag kveld i Vårsøghelga får vi oppleve dei live på heimebane i Surnadal for første gong.

Fortel litt om tida etter jul for deg sjølv og Whales & This Lake!

– Det har vore ein forferdeleg hektisk etterjulsvinter og vår. Eg har nett fullført bachelorstudiet i populærmusikk. Oppgåva skal leverast komande måndag. I etterkant av dette skal vi halde bachelorkonsert med Whales & This Lake, som jo er del av dette studiet. Det har vore greitt for oss å kunne ha eit studium i det vi held på med til dagleg.

Det har vore hektisk også med Urørt på NRK P3 der vi kom heilt til finalen og også konsert på by:larm.

Ja, kritikkane etter by:larm var jo ganske overveldande? Redningsmenn for norsk indiepop?

– Uff ja, det var mest til å bli flau av. Eg hadde vel kjensla av at det gjekk rimeleg bra på konsertane, men kom ned på jorda ved at dei to andre bandmedlemmane ikkje var like nøgd. Då vart det litt rart å vakne opp dagen etter til så overveldande kritikkar på GAFFA Norge. Men inspirerande.

Korleis oppstod eigentleg Whales & This Lake?

– Eg trefte Anders Søvik Hjelden og Max Peder Brekke gjennom studiet. Anders kjem jo frå Innfjorden i Romsdalen, og det var litt rart å gå gjennom med han kor mykje av det same vi har vore med på utan eigentleg å kome i kontakt med kvarandre. Vi har vore på fleire fylkesmønstringar i UKM og også på Landsmønstring utan å bli merksame på kvarandre. Max Peder Brekke bur ein trekvarters togtur utanfor Oslo, på Rånåsfoss – og vi har alle tre vokse opp i landlege omgjevnader. Vi spelar elektronisk pop – indiepop utan store aktørar i ryggen. I motsetnad til mange andre i vår sjanger, spelar vi det meste live og med minst muleg backingtrack – sjølv om mange trur vi spelar med playback. All vokal er sjølvsagt live.

Kva med planane framover? Konsert i Vårsøghelga sjølvsagt?

– Ja. Vi gir ut ein dobbeltsingle 8. juni, og framfører den eine låten live for aller første gong på Billaget fredag kveld. Den andre låten på dobbeltsinglen framførte vi på By:larm, men har spela den såpass lite live at det blir nesten som ein dobbeltpremiere. Vi har forresten spela inn musikkvideo til den eine låten – i ein bakgard her i Oslo der det er tillate med tagging og graffiti på veggene. Vi måla over nokre vegger og kom i konflikt med graffiti-miljøet ved at vi visstnok hadde dekt til noko dei hadde ønskt å ta vare på for ettertida, så det vart litt krevjande. Men det vart video etter kvart. Så skal vi gje ut fullt album til hausten – blant anna på vinyl. Det blir spennande.

Styreleiar i Vårsøg, Jostein Ansnes, nemnde det spesielle i å opptre på heimebane. Er det noko du gler deg spesielt til?

– Det blir stor stas, men også litt skummelt å opptre på heimebane. I Oslo er det lettare å gøyme seg i mengden, medan du kjem mykje nærare alt på heimebane med mykje folk du kjenner blant publikum.

Så blir det artig å opptre på ein ny plass med ny scene på Billaget. Det skal også vere kunstutstilling der som bidreg til å skape ei spesiell atmosfære, og det er alltid artig å spele på plassar med ei eiga stemning.

Så dukkar du opp litt tidlegare på dagen med kunstnarisk innslag i Driva-debatten?

– Ja, det blir berre meg og gitaren. Då framfører eg nokre songar på dialekt eg skreiv i tida etter at eg flytta til Oslo. Eg gler meg både til å opptre og til sjølve debatten og tykkjer det er eit spennande tema de tek opp. Eg har møtt Linnea Myhre tidlegare her i Oslo og gler meg på å høyre henne snakke om eit vanskeleg tema for mange unge. Det er mange som slit med kroppshysteri, og spesielt for jenter er det liksom så eintydig mønster for korleis kvinnekroppen skal sjå ut. Men det er mange gutar som slit òg, sjølv om det ikkje blir like tydeleg i mediebildet. Det er liksom aksept for litt større mangfald her.

Mote er vel del av bildet også – og du stiller i helsetrøye på scena?

– Ja, he he! Vi ville tenkje litt sprøtt og nytt – og så vart det helsetrøye då. Men så viser det seg at motehusa nede på kontinentet har tenkt i same banar. Det er neimen ikkje lett å vere nyskapande. Vi håper uansett det kjem mykje folk på konsert fredag kveld, og at vi også får kome tilbake og halde konsert i Storstuå i samband med plateutgjeving til hausten.