Bebuarar ved pensjonistbustadane på Bårdshaugen i Surnadal ønsker seg ein overbygd uteplass til bruk både for dei sjølv, for brukarar ved Dagsenteret og for bebuarar på omsorgsbustadane.

- Det er mykje ledig plass på det kommunale grøntarealet mellom pensjonistbustadane og Dagsenteret/rehab, men vi har ingen til å hjelpe oss med å få på plass ein platting med overbygg. Og så måtte vi sjølvsagt ha tilgang til plassen med stiar eigna for rullestol og rullator, seier pensjonist Gunnvor Nordvik.

Nabo til biltrafikken

Slik det er no, samlast folk ved ein uteplass ved døra inn til Dagsenteret - på asfalten og med den trafikerte vegen ned til sjukeheimen som næraste nabo.

- Bøndene er jo pålagt å sleppe krøttera ut på gras om sommaren, og vi eldre kunne då godt tenkje oss å ha same rett som krøttera til  å få litt gras under føtene vi òg, humrar Gunnvor Nordvik.

Ho fortel at Finn Talgø var på sjukeheimen ei stund og reagerte på at dei hadde uteplass heilt oppe i trafikken - og at han baud seg til å sponse materiala om kommunen tek arbeidet med å lage til ein uteplass nede på arealet mellom bygningane - godt unna biltrafikken.

Ventar på kommunen

Vi tok kontakt med Finn Talgø og fekk dette bekrefta, og han ventar berre på at kommunen skal "få ut fingeren".

- Det hadde vore så greitt å ha ein plass med platting, eit par bord og stolar. Vi er ikkje så storforlangande. Vi ser jo det at så snart nokon tek med seg ei kaffekanne og set seg til ved bordet, strøymer det snart på med meir folk. Behovet er der, seier Nordvik.

Ho spekulerer i mulegheita for å kalle i hop folk til dugnad, men Surnadal kommune må uansett inn og legge til rette for at dei skal kunne kome i gang.