- Det vart ein veldig interessant debatt med veldig gode innlegg. Vi løyste nok ikkje problemet, men fekk i alle fall sett fokus på eit betydeleg samfunnsproblem. Full sal med stor andel av ungdom, viser nok at vi trefte godt med temaet, seier Driva-redaktør Sigmund Tjelle etter årets Driva-debatt - den femte i rekkja av Driva-debattar i Vårsøghelga.

Frivillige i Vårsøghelga måtte ganske tidleg begynne å bere inn fleire stolar etter kvart som publikum strøymde på, og talet på tilhøyrarar vart bortimot 200 - som må vere klar publikumsrekord for Driva-debatten.

Eit breitt samansett panel av innleiarar var nok del av suksessen, og mange av ungdommane var kanskje kome spesielt for å høyre tidlegare kjendisbloggar og noverande forfattar Linnea Myhre.

Stress eit helseproblem blant unge

Men det var lege Kari Løvendahl Mogstad som starta - oppvakse "eit slapt steinkast" frå kulturhuset som ordstyrar Svein Sæter sa.

Ho viste eit bilde av mykje prektig ungdom, og mange slit kanskje med at dei blir for prektige i eit "flink"-syndrom som gjer at ein blir stressa - såpass stressa at det for mange unge har vorte eit betydeleg helseproblem.

Flest jenter slit med kjensler beslekta med depresjon, men også gutane kjem etter.

Mogstad skriv bok om temaet, og har kome til ei erkjenning om at di meir ho lærer om kroppspress og -hysteri, di meir finn ho ut kor lite ho eigentleg veit om kva som er opphavet til problemet.

Er på nett 24/7

Ho konstaterer i alle fall at dei unge får for lite kvile med å ha med seg mobilen på senga om kvelden og vere på tilgjengeleg på sosiale medier 24/7. Her kan foreldra trass alt gjere noko, med å krevje at ungdommane legg frå seg telefonen i stua før dei går på soverommet.

Elles er det krevjande for foreldre å følge med på kva som går føre seg på sosiale medier. Noko av problemet kan ligge i at dei gjerne lagar seg ein profil med ein identitet ut frå slik dei ønsker å vere - framfor å ta utgangspunkt i kven dei eigentleg er.

- Vi ser også at ikkje alle kjenner på det same presset. Kva kjenneteiknar dei som har eit positivt sjølvbilde og høve til eigen kropp? Kanskje dette kan brukast til å hjelpe dei som slit? spør Mogstad.

Ein av 20 har gjort fysiske endringar på kropp og andlet, medan ein av 10 ønsker å gjere slike endringar. Mogstad dreg fram The Kardashians som verstingar når det gjeld å kvardagsleggjere dette.

- Vi ser i alle fall at vi har ei pengemakt utanfrå som ønsker å få oss til å bli stadig meir mannemann og jentejente med sexifisering og stereotypar, konstaterer ho.

Fekk spiseforstyrrelsar

Istadenfor å halde eige innlegg, ønskte Linnea Myhre å snakke til publikum gjennom å samtale med Svein Sæter - som på si side konstaterer at ho har skifta stil som forfattar - frå å omtale hovudpersonen i 1. person til 3. person i si siste bok.

Myhre fortel at ho vart dårleg og deprimert av spiseforstyrrelser i 2011 - men ikkje på den måten at ho vart ekstremt tynn.

- Psykiske lidelser er vanskeleg å sjå utanpå når det ikkje gjev seg fysiske utslag, seier ho.

Ho fortalde at ho starta med å skrive blogg utfrå ein heilt annan person enn den ho eigentleg er - med ein litt aggressiv og negativ haldning til det meste. Ho opplevde å møte seg sjølv i døra då ho trefte folk andlet til andlet og dei fann ut at ho eigentleg var ganske ulik den personen i bloggen.

Ei trøyst for folk med same problem

Istaden begynte ho å skrive bok for å få ut kva ho eigentleg følte - ho skreiv for seg sjølv, og utan tanke på at det ho skreiv skulle vere til hjelp for andre.

- Det viste seg at mange kjende seg att og kjende ei slags trøyst ved å sjå at det er andre som slit med dei same problema, fortel ho.

- Eg er rundt på skular og pratar med elevar og ser at mange slit. Det er skremmande kva mulegheiter dei unge no til dags har til å bli påverka. Det blir så mykje info at det er vanskeleg å halde greie på. Spiseforstyrrelsar er nok eit meir samansett problem enn dette, men ytre påverknad er med og forstyrrar. Ungdom i dag veit jo eigentleg kva som er sunt, men i staden for å følgje dette kjem det inn så mykje info om middel som gjer deg slank på kort tid, og såkalla forskarar er ueinige om kva som er sunt og ikkje sunt. Vaksne har lettare for å halde greie på dette, meiner ho.

Svein Sæter spør ho korleis det er å utlevere seg sjølv og fortelje om eigne problem.

- Eg har ikkje noko problem med å prate om eigne psykiske lidelsar, men finn det krevjande når folk kjem til meg med sine problem og eg står der og veit at eg kan ikkje hjelpe dei. Det einaste eg kan gjere er å be dei søke profesjonell hjelp. Det kjem unge til meg heilt ned i 8. klasse som slit. Det er vanskeleg.

Ikkje så oppteken av kropp

Kine Paola Sæter har ein heilt annan innfallsvinkel til kroppshysteriet - som for henne ikkje er noko hysteri.

- Eg trenar inn mot konkurransar som andre idrettsutøvarar, og klarar ikkje heilt å sjå den store forskjellen, seier ho.

Men ho ser at andre ser annleis på det, blant anna gjennom kommentarar på Facebook når ho legg ut bilde av seg sjølv i bikini og med pokal for pallplass i bikinifitness. Problemet ligg i kroppsfokuset - eit fokus ho ikkje har på same måten sjølv.

Ho konstaterer at debatten om kropp har lett for å bli einsidig og negativ. Ho fann tidleg ut at styrketrening ga henne store fordelar - at ho fekk indre motivasjon til å bli stadig sterkare og betre.

Problemet for andre ligg kanskje i at det er utsjånad som er kriteriet når ho konkurrerer og ikkje først og fremst den fysiske prestasjonen der og då.

Kjensla av meistring

Det ho sjølv først og fremst merker er kjensla av å blir sterkare, auka meistring og evna til å orke meir.

- Framfor å bli ståande og sjå på at ungane hopper på trampolina, blir eg heller med sjølv, fortel ho.

Ho undrast kva som gjer at ungdom tenkjer når dei ser eit bilde på nettet at; slik skal dei også bli.

- Det har nok mykje med haldningane til foreldra å gjere. Det viktigaste er å lære opp ungane til å ta vare på seg sjølv og ha eigne meiningar. Eg formidlar uansett til ungane at det er viktig å ta vare på kroppen sin, men det er ein balansegang mellom det å vere sterk og sunn utan å bikke over i det ekstreme, seier ho.

Staheit og støtte heimafrå

Yngvild Sæter er utdanna kunstnar og har vorte anteke på fleire utstillingar i København, blant anna haustutstillinga - men ho har også bakgrunn som toppmodell.

- Eg vart oppdaga då eg var 12 år og køyrde radiobil på Liseberg i Göteborg. Det var som å bli god i noko over natta utan å ha jobba for det, fortel ho.

Etter kvart oppdaga ho kjensla av ikkje å eige kroppen sin lenger, at folk tok det for gitt at dei kunne ta på ho utan at ho ønskte det.

- For meg hjelpte det på at eg hadde stå sterk støtte heimafrå i tillegg til at eg er sta som eit esel, fortel ho.

Patriarkalsk samfunnsstruktur

Problemet med kroppshysteriet forklarar ho med at vi lever i eit mannsdominert system, med patriarkalske samfunnsstrukturar med objektifisering av kvinnekroppen - at kvinner ikkje er like mykje verdt som menn og at dei blir hjernevaska til å tru at dei må leve opp til eit kroppsideal. Rota til onde ligg sjølvsagt i sjølvobjektifiseringa kvinner etter kvart har gått over i. Men vi ser at vi har ein tendens til å rette på håret og kleda, og er merksame på korleis vi ser ut. Så blir vi i tillegg påverka av dei sjuke reklamane. Kvinner må innsjå kva dei er verdt - ikkje tru du er "noko"! Tru at du er "nokon"! er oppfordringa frå Yngvild Sæter - til tordnande applaus som signal frå publikum på at ho har heilt rett i det ho seier.

Etter at kvar enkelt innleiar hadde sagt sitt, sette dei seg i panel for å svare på spørsmål frå salen.

Foreldrepåverknad vart eit stikkord, og Anita Land kommenterte frå salen at barn taklar vald på tv så lenge foreldra sit der saman med dei som filter. Det same gjeld for anna påverknad via tv-ruta.

Foreldra er rollemodellar

Kari Løvendahl Mogstad slo eit slag for eit naturleg tilhøve til å ete måltid saman heile familien utan å nemne kaloriar og karbohydratar.

Ståle Sæterbø stilte spørsmålet; - gjer vi foreldre nok for å styre utviklinga?

Mogstad understrekar at handling tel meir enn ord når det gjeld kva foreldra gjer som rollemodellar for ungane.

Yngvild Sæter åtvara mot å forsterke kjønnsrollemønsteret i heimen med kommentarar som "det viktigaste er at du er pen". - Det er viktig å bygge opp under sunne verdiar, seier ho.

Om å halde på treningsgleda

Espen Vrålsen er gymlærar, og ser i utgangspunktet på trening som positivt. - Kva kan vi som kroppsøvingslærarar gjere? spør han.

Kine Paola Sæter er oppteken av først og fremst å behalde treningsglede. - Dei treng ikkje å bli toppidrettsutøvarar, men vi veks på meistring og pushar gjerne litt ekstra når vi kjenner at vi meistrar. Det gjeld å hjelpe alle til å kjenne på gleda over å halde på, seier ho.

Kari Løvendahl Mogstad konstaterer at stadig fleire trenar på treningssenter medan idrettslaga mister medlemmar. Dei trenar med andre ord musklar framfor kondis og ferdigheiter i spesialiserte idrettar.

- Eg meiner fitness ikkje nødvendigvis er sunt som ei folkebevegelse, men at det også kan føre til slankehysteri. Det er forskjell på å drive dette som idrett og på den forbilledgjeringa som følger med, seier ho.

Små overgrep gjev negativt kroppsfokus

Yngvild Sæter åtvarar mot å oppdra ungane til å tru at det er ok med desse små overgrepa som å klapse på rumpa eller å ta jenter på puppen. Ho påpeiker at dette er eit læraransvar også, å gripe inn overfor dei som gjer det og snakke alvor til dei.

Norske kvinners sanitetsforeining har hatt kroppspress på agendaen i fleire år no, og leiar i Todalen sanitetsforeining, Maren Ansnes, opplyser at no vil dei fokusere på foreldra. Ho fortalde at dei hadde hatt Kari Løvendahl Mogstad til å snakke om temaet ved Surnadal vidaregåande skole, og at saniteten har gjeve ho økonomisk støtte til forsking.

Surnadal har fått eiga sanitetsforeining, og dei hadde stand saman med Todalen sanitetsforeining ved inngangen til Svorkasalen i samband med Driva-debatten.