Saman med “Verdens beste band”  sang han både om gorillaer, kaninar, snømenn, fiskeboller og Daniel som datt i do – til stor glede for både store og små publikummarar som hadde samla seg på bakken framfor Todalshytta.

Arrangementet var eit ledd i Vårsøghelga, og høgdepuktet for borna var nok når Noregsrekordforsøket på såpebobleblåsing var publisert på slutten av konserten. Hele bakkan framfor Todalshytta var nærast fylt med såpebobler, og vi trur det vart både Norgesrekord og iallfall Todalsrekord som synnåvinden tok tak i å førte dei ut over bygda.

Før konserten sørga Start 4H i samarbeid med Amfi krativ for at alle borna fikk såpebobleutstyr utdelt og dermed var eit godt utgangspunkt for norgesrekorden sikra. I tillegg var vêrgudane med og sikra arrangementet med over 20 grader på gradstokken.