Marit Granhus Langli (H) seier til Surnadal kommunestyre at ho kjenner kjærleikssorg fordi Rindal ikkje vil vere saman med Surnadal.

Ho ser det som unaturleg å dele dalføret med ei fylkesgrense, og ønsker at fylkesmannen vil bruke tvang for å slå saman Rindal i ei retning dei ikkje ønsker.

– Eg føler det blir gløymt i debatten at vi har stemt inn eit storting der eit fleirtal har vedteke at dei vil ha færre kommunar i Norge. Det er ikkje slik at når kommunestyra har sagt sitt, er svaret gjeve, seier ho.

Ho stiller seg også kritisk til interkommunale samarbeid, noko ho meiner blir ein stat i staten som kommunane ikkje har full kontroll over.

Ho får motbør av Bernt Venås (Sp) som understrekar at han har vore imot tvang frå dag ein i reformprosessen.

Døra open for Halsa

– Eg er bekymra for kvar Surnadal blir ståande når nabokommunane som vi har så mykje samarbeid med vel seg i kvar si retning. Men om rindalingane ikkje vil hit, og i tillegg blir tvinga hit, då fryktar eg at dei blir ikkje gode å ha med å gjere. Det beste vi kan håpe på er at Rindal blir ståande som eigen kommune slik at vi kan halde fram det gode samarbeidet, seier Venås, men går for rådmannens tilråding om samanslåing.

Ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) set pris på at det framleis er debatt rundt kommunereforma. Ho ber kommunestyret stemme for rådmannen si tilråding som seier at dei ønsker å gå inn i ein samanslege kommune med Rindal og Halsa. Om dei to andre kommunane gjer andre vedtak, ønsker Surnadal ifølge tilrådinga om å halde fram som eigen kommune.

Helge Røv (Ap) la fram forslag på vegner av alle partigruppene om eit kulepunkt der Surnadal held døra open for ei muleg samanslåing berre mellom Surnadal og Halsa.

Ønsker samanslåing

– Det vil vere uheldig om Surnadal blir ståande åleine medan Rindal og Halsa blir del av ein annan region, seier Nyheim.

Ho seier seg ueinig med Marit Granhus Langli med omsyn til interkommunale samarbeid, og meiner dei har god oversikt og kontroll på desse.

Kommunestyret stemte over kvart enkelt punkt i tilrådinga.

Det vart einstemmig vedteke at Surnadal går inn i ein samanslege kommune med Rindal og Halsa. Det vart vedteke mot fire stemmer at Surnadal held fram som eigen kommune om dei andre kommunane ikkje ønsker å slå saman.

Forslaget om å ta kontakt med Halsa om muleg samanslåing mellom Surnadal og Halsa vart einstemmig vedteke.