Arve Evensen har nok aldri hatt napp frå nokon større laks enn Ethelbert på 160 kg. Med fluestonga nappa han bort teppet som skjulte skulpturen og fekk dermed æra av å avduke Ethelbert, som er namnet på den nye lakseskupturen som vart avduka torsdag ettermiddag.  Det er Todalen elveeigarlag som har investert i eit skikkeleg ikon for laksefisket i Toåa. Det var Ethelbert Lort Phillips, som også bygde Todalshytta i 1901, som introduserte todalingane for sportsfiske etter laks. Da måtte namnet på lakseskupturen bli Ethelbert.

Lakseskulpturen er støypt i aluminium, og veg 160 kg, og står no montert på berget ved Brusetbrua. Det er kunstnaren Ine Tumyr frå Os i Hardanger som har laga skulpturen. Den kom til bygda før helga, og har denne vorte montert og har dei siste dagane vore godt gjømt under ein pressenning.

Det var Eric Malling som er vert på Todalshytta som hadde ideen til denne skulpturen og som ønska velkomen til presse og publikum. Ola Bruset som er leiar i Todalen elveeigarlag orienterte om Phillips og laksefisket i historisk samanheng og så var det altså Arve Evensen som «tok den» med fluestonga og flua Sunrice Shadow Green Bath.

Ethelbert er finansiert gjennom tilskot frå Todalen elveeigarlag, Talgø Invest AS og private eleeigarar i Toåa.