Lærar og frilanssongar Turid Røen Kroknes er opphavleg frå Rindal, men bur no i Halsa kommune. Denne helga skal ho ha platesleppkonsertar for si aller første plate; «Vegane».

– Det er travle dagar no føre konsertane, men det er veldig artig da! Håpar det kjem mykje folk på konsert, men det er jo mange ting som går føre seg fleire stader, så ein veit jo aldri, seier ho.

Ho startar med konsert ved Rasteplassen Cafe på Liabøen i Halsa laurdag kveld, før ho held konsert i Rindal kyrkje søndag kveld. Begge stader blir det sal av den rykande ferske cd-en.

Tidlegare er Turid tildelt Halsa kommune sin kulturpris og Bræin-prisen, for sin formidling av nordmørske folketonar. Ho har og hatt roller i operaene rundt i landet, med anna i operaen «Olav Engelbrektsson» på Steinvikholmen, Den Norske Opera og Operaen i Kristiansund. Ho har og spela Åttemannsenka i «Donna Bacalao» på Vikaneset.

I ein alder av 63 år gjev altså Turid ut si aller første plate, ein prosess ho har bruka fleire år på.

– «Vegane» er den første cd-en min, og det er med stor spenning og glede eg no presenterer den. Cd-en har vorte til over ein lang periode, det er mange år sidan eg først kom opp med ideen. Innimellom har eg vore usikker på om eg ville greie dette godt nok, og periodevis har det vore heilt stillstand. Og så tek det jo si tid å få inn alt stoffet, for eg har kontakta mange eg har fått god hjelp med. Men eg har ikkje stressa, eg har teke den tida som var nødvendig, fortel ho.

Turid synest dette har vore ein spennande prosess. Cd-en er laga i Øra studio i Trondheim, med Jo Ranheim frå Rindal som produsent.

– Samarbeidet med Ranheim i Øra studio har vore ei glede og ei ny, lærerik oppleving, seier ho. Produsent Ranheim er og med og spelar gitar på plata, saman med Ronny Kjøsen på tangentar og Øyvind Fjørtoft Engen med cello.

Det er ni songar på cd-en, som elles er ei rein nynorskplate.

– Utgangspunktet for innspelinga var at det var på tide å gjere noko i ein annan sjanger enn eg hadde gjort før, og at det skulle vere fleire nyskrivne songar, fortel Turid.

For å få hjelp kontakta ho visesongar Geirr Lystrup, musikar, komponist og skodespelar Ivar Gafseth, som og er musikalsk leiar ved Trøndelag Teater (og kjend som Oluf i «The Julekalender»), samt musikarane Frode Alnæs og Kjell Inge Torgersen.

– Det har vore ei glede å kome i kontakt med låtskrivarar og tekstforfattarar, og eg er stolt over å ha fått tekstar av med andre Geirr Lystrup, skrivne til melodiar av med andre Ivar Gafseth og Frode Alnæs. Og tittelmelodien er det Kjell Inge Torgersen som har laga, fortel ho.

Det er både gamle og nye songar på plata. Eksempelvis nemner ho spesielt «Eg trur eg vil døy ei vårnatt», med tekst av Jørgen Gravvold og musikk av Tor Strand, der Gravvold viser sin unike evne til å formidle vemod og håp gjennom vakker poesi.

– Mitt håp er at «Vegane» skal bli til glede for mange, og at eg har lukkast med å formidle dei fine tekstane. Musikarane er utruleg dyktige. Ranheim, Kjøsen og Engen har på ein utmerka måte vore med på å gjere songane til det dei no er, deira musisering understrekar det songane vil formidle, seier platedebutanten, som oppmodar folk om å kome på konsert i helga.