64 kommunar på Sør-Vestlandet får til saman 400 millionar kroner i ei ekstraordinær tiltakspakke frå staten. Det kjem fram i eit brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, melder NRK.

Eingangstilskotet skal gå til vedlikehald og rehabilitering av vegar, bygg og anlegg som er eigd av kommunen eller kommunalt føretak.

Pengane går til kommunar som er råka av oljekrisa. Målet er å skaffe fleire arbeidsplassar og hindre permitteringar.

Det er berre kommunar med arbeidsløyse på meir enn 3,1 prosent som får ein del av kaka på 400 millionar kroner. 3,1 prosent tilsvarar landssnittet.

I Driva-distriktet er det berre Nesset kommune som får tilskot. Kommunen har ei arbeidsløyse på 3,4 prosent, og får 256.000 kroner. Møre og Romsdal fylke får samla 38 millionar kroner.