Alltid kreative Einar Oterholm gav eit interessant tilbakeblikk på nordmørsk husmorutdanning da han kåserte på museet i Bøfjorden søndag. No kjem historia til «Nordmøre Husmorskule» i bokform!

Og faktisk var det ein sambygding av kåsøren som kasta fram tanken. I brev til Romsdal Amts Landbrugsselskab tok Peder Knudsen Vogland alt i 1854 til orde for å gi «Fruentimmerne ... en mere tidsmæssig huslig Uddannelse».

Mannsstyrt offentleghet reagerte seint, men rundt 1870 vart det skissert at omgangsskulelærarinner kunne undervise i hus- og mjølkestell og at bondejenter kunne få stipend for å dra til Austlandet på slik opplæring.

Steinar Husby var arkitekten bak ein «praktisk Pigeskole» i Øksendalen nokre år rundt 1890, før amtstinget opna for undervisning i skulefag, jordbruk, handarbeid og husstell på Gyl først på 1900-talet.

«Nordmøre Husmorskule» starta i 1921 i bedehuset på Øydegard og vart rundt 1940 flytta til Megarden på Halsa. Her heldt den fram i 30 år – med seinare omlegging til vidaregåande skule. Det flotte skuleanlegget var ein institusjon i Halsabygda, og sterke kjensler møtte nyheta da «husmorskulin» brann opp for nokre år sia.

- Men heldigvis hadde vi like før samla mykje fotomateriale frå skulen, seier Einar Oterholm. Han er no i sving med å skrive historia om «Nordmøre Husmorskule» og serverte ein nydeleg smaksprøve til gjestane på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Der møtte han også folk som hadde med stoff til boka. – Ja, Eivind var onkel min! sa Peder Strand da kåsøren fortalte sa surnadalingen Eivind Strand var byggmeister for skulen på Halsa. Av Peder fikk forfattaren verdifull informasjon etter kåseriet.

Like eins kunne Tore Thesen bidra med biletstoff. Faren hans var nemleg gardsbestyrar på skuleanlegget, og Tore budde lenge der.

Mange i salen retta opp handa på spørsmål om kven som hadde studert der. Ragnhild Skrøvset hadde skulefotoet med, og dette utløyste mimrestund saman med gamle medelevar.

Jau, denne boka får mange kjøparar! Ikkje minst fordi Einar Oterholm fortalte mange artige anekdoter om meir eller mindre vellykka mannsforsøk på å besøke jentene på internatet.  Og meir vil han sikkert røpe i boka – når den kjem til jul!