- Kva er ein hil? Enn ein træl? Gunnvald Bøe kåserer om fiskarfagets ord og uttrykk, om båt og bruk. Saman med Kåre O. Bøklepp viser han finesser og detaljar frå praktisk bruk av fiskevegn.

Smak av fisk pregar også kjøkenet, der Randi, Inger Lise og Gunnhild serverer Museets Fiskesuppe til middagsgjestene som møter opp. Kaffe og tilbehør sørgjer dei også for.

Og premiane til Mathilde, Christoffer, Elida og Ola, som utmerka seg i fiskekonkurransen på Fjorddagen nyleg, blir overrekte i samband med Dagens Tema denne søndagen.