Bakgrunnen er ønsket mange har om å komme raskt i gang med omstillingsarbeidet.

Regionalt Forskningfond Midt-Norge (RFF) har sett av ei ekstra ramme på 11,6 mill. kroner som er øyremerka små og mellomstore bedrifter og næringsnettverk i Møre og Romsdal med særskilt behov for omstilling. Det kan søkast støtte kvalifiseringsprosjekt (forprosjekt) og kvart prosjekt kan få inntil kr. 800 000 i støtte.

- Mange bedrifter i Møre og Romsdal er råka av oljenedturen og står i ein veldig krevande situasjon. Denne utlysinga rettar seg spesielt mot desse bedriftene og nettverka, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad. Landstad er også styreleiar i RFF Midt-Norge.

-For at prosjekta skal komme raskt i gang, tek fondet i mot søknadar og behandlar dei fortløpande, seier ho.

Prosjekta skal utvikle bedrifta sin kjernekompetanse og ta han i bruk på nye område. Fondet kan støtte forprosjekt med intensjon om vidareføring i hovudprosjekt, og prosjekt med forskingsbaserte løysingar som bidreg direkte til innovasjon og verdiskaping. Søkarar må i prosjektet samarbeide med høgskolar, universitet eller forskingsinstitusjonar.