Rundt 40 personar har vore med i sommarens kjempedugnad. Onsdag kveld kunne stillaset på nordveggen rivast, og eit skinande kvitt kyrkjehus smiler no mot vegtrafikken.

- Dei andre veggene treng enno nokre drag med kosten, og malinga av tårnpartiet blir utsett til neste år, seier soknerådsleiar May Britt Johnsen. - Men no vil vi feire det som er gjort. Om eit par veker inviterer vi dugnadsfolket til ein hyggekveld som takk for stor innsats!

Kyrkja vart sist måla i 2004, men dårleg målingskvalitet og soppangrep gjorde at ny oppussing måtte til så kort tid etter. Bæverfjordingane og bøfjordingane har utgjort kvar sine arbeidslag, og dei har jobba to pluss to kveldar kvar veke sia først i juli – med vasking, spyling og måling.

Soknerådet har samordna dugnaden og skaffa måling og utstyr. Her har leiar May Britt Johnsen teke særleg ansvar. Servering etter arbeidsøktene har også vore utført på dugnad – av frivillige frå ytre og indre del av soknet.