Mardalsfossen i Nesset er det eitt av verdas høgaste frie fossefall. I 1970 vart det vedtatt at fossen skulle byggast ut og vatnet vart leda vekk frå Eikesdalen. Men kvar sommar blir litt av vatnet skrudd på igjen, og sjølv i redusert form er Mardalsfossen eit mektig syn.

NRK-reporter Olaug Bjørneset og fotograf Roar Strøm gjorde fleire opptak rundt fossen og bygda tidlegare i sommar. Dei var med på prosessen i dagane før og etter fosseåpninga, og gjorde mellom opptak både frå presentasjonen av boka "Eikesdalen - det finst berre ein" og frå ferja. Innslaget blir vist i Glimt av Norge, klokka 20.45.