Økonomi- og planutvalet ser med stor uro på forslaget til ny tilbodsstruktur for Sunndal vidaregåande skole. Eit oversendelsesforslag frå Ap og SV vart samrøystes vedtatt i utvalet tirsdag.

Her ber utvalet kommunestyret seie klart ifrå at Sunndal kommune ikkje godtar ei så drastisk innskrenking i breidda av tilboda ved Sunndal vidaregåande skole, verken på yrkesfagleg side, eller når det gjeld studiespesialisering.

På studiespesialisering må det framleis vere høve til fordjuping i både realfagleg og språk/samfunnsfagleg retning ved Sunndal vgs.

– Ut frå eit heilskapleg samfunnsmessig perspektiv er det forslaget som ligg føre uhaldbart.