Nytilsett rektor ved Surnadal ungdomsskole, Bjørn Høivik, åtvarar lærarkollegane om at dei må ikkje bli overraska over om det blir litt synging på lærarmøta. Elles kjenner han seg veldig godt motteken både av lærarar og elevar ved skulen etter at han starta i jobben i august.

Rektor ved Surnadal ungdomsskole, Bjørn Høivik, sit ved eit piano i personalrommet og klimprar når vi kjem til intervjuavtale.

– Pianoet stod i kjellaren og vart berre meir og meir ustemt. Det tykte eg var for gale. Så no har vi flytta pianoet opp i personalrommet, og i dag har vi hatt besøk av pianostemmar. Lærarane ved skulen skal ikkje kjenne seg trygge for anna enn at det kan bli litt allsong på lærarmøta, seier nyrektoren.

Så musikk er viktig del av livet?

– Eg har vore vant til frå andre skular at det har vore litt synging mellom slaga. Elles starta eg jo lærargjerninga mi med musikk ved at eg var musikklærar på fleire instrument ved kulturskolen i Surnadal under Ola Brøske. Sidan var eg lærar ved Nordmøre Folkehøgskole før eg vart rektor ved Todalen/Stangvik i 2008. Eg tok forresten med meg trekkspelet på foreldremøte på ungdomsskolen denne veka starta med litt musisering. Eg fekk jo inntrykk av at det vart godt motteke det òg.

Har du andre hobbyar utanom musikken?

– Eg har jo teke vare på eit par gamle bilar – ein Citroën 2CV og ein Landrover. Familien har hatt nokre herlege turar på Island med Landroveren, noko vi har tenkt å gjere i år òg. Elles hadde vi ein 2CV då vi gifte oss for 30 år sidan. Så vart eg merksam på ein 2CV til sals på Finn.no. Då eg såg nærare på den, viste det seg at det var den same 2CV-en vi selde då vi vart familisert og måtte investere i stasjonsvogn. Då passa det godt å kjøpe tilbake denne til vår 30-års bryllaupsdag, og no er den definitivt ikkje til sals att.

Korleis gjekk det til at du vart rektor her på ungdomsskolen? Vart du headhunta?

– Eg hadde jo nett gjort unna rektorskolen ved NTNU, og vart nok litt inspirert av det studiet. Men eg hadde vel ikkje tenkt over at det kom til å bli ei ledig rektorstilling her før eg fekk nokre direkte spørsmål om eg ikkje hadde tenkte å søke. Så vart det til at eg sende inn ein søknad då – litt på bakgrunn av dei positive opplevingane eg hadde med rektorskolen òg. Eg kan fortelje at eg gjekk rektorskolen saman med Arne Landsem som no er tilbake som rektor ved Stangvik skule. Då vi hadde fellessamling med sosialt samvær, trekte vi fram nokre revyviser frå Rindal som slo godt an. Det er vel ikkje til å unngå at musikaren i meg dukkar fram i ulike samanhengar, sjølv om eg spelar mest til husbruk no.

Og elles driv du og gjer deg kjent med alle på skulen?

– Jau, det er litt fleire elevar her enn det eg er vant til, så eg må først bli skikkeleg kjent med personalet – eg har starta med medarbeidarsamtalar. Og så har eg vore innom 10. klasse litt i oppkøyringa til årets prosjekt. Det har for øvrig vore ein kjempeopptur måten eg har blitt møtt på både av lærarkollegiet og av ungdommane. Det har gjeve meg trua på at eg gjorde rett i å søke på rektorstillinga. Personalet på skulen står for ei positiv haldning som også smittar over på elevane. Dette er noko også lærarstudentar som har praksis her ved skulen har bite seg merke i. Og eg må nemne at lærarstudentane også pregar miljøet med ungdommeleg tilsnitt – noko som gjer at vi andre også må halde oss skjerpa.

Du nemnde 10.-prosjektet. Kva tykkjer du om det?

– Eg har jo late meg imponere år etter år av dette prosjektet. Det minner litt om arbeidsmetodane ved Folkehøgskolen med å planlegge, skrive, øve – og ikkje minst – samarbeide. Det er rimeleg hektisk ein periode, og sjølv om vi må prøve å skjerme basisfaga slik at dei går sin gang, spelar nok prosjektet hovudrolla fram mot haustferien og mot premiere. Dette er jo ei kjempeerfaring å ta med seg for alle som er med. 10.-prosjektet har heilt klart kome for å bli, og ikkje noko eg har tenkt å endre på i alle fall.

Som rektor – deltek du i undervisninga som faglærar?

– På mindre skular har jo rektoren undervisningstimar, men det blir det ikkje like god tid til på ein så stor skule. Her har vi eigne team på klassetrinna og fagfolk med høg kompetanse i alle fag. Dette er folk som er godt utdanna og engasjerte i sine respektive fag. Eg må sende ei helsing til Norvald Bondhus og seie at eg har kome til dekka bord her med ting på stell, god arbeidsfordeling og godt teamarbeid. Eg kjenner meg privilegert over å få jobbe på ein slik plass, sjølv om det var bra der eg var før òg.