Nokon har tydelegvis leika seg med bil og øydelagt grasbanen på Syltøran med spøling.

- Dette må ha skjedd tirsdag kveld eller natt til onsdag. Det vart oppdaga onsdag morgon, fortel leiar i Surnadal IL, Øystein Hjelle Bondhus.

I eit innlegg på Facebook onsdag har Fotballgruppa i Surnadal Idrettslag posta fleire bilde av den øydelagte grasmatta og kjem med følgjande beskjed til den eller dei som har gjort dette:

- Dette er ikkje kult. Dette er ikkje tøft. Vi har frivillige som brukar time etter time, kvar einaste dag og kvar einaste veke, på å halde grasbanene våre i topp stand. Vi har fleire barnelag som brukar nettopp dette området som treningsbane, fleire gonger i veka. Tykkjer de verkeleg det er greitt at dykkar små sekund med spøling skal øydeleggje for deira timar med arbeid og trening? Vær så snill - ikkje gjer dette igjen.

Laget oppmodar sjåfør(ane) om å stå fram, be om unnskyldning og melde seg til dugnad for å rette opp skadane.