Elevane på 10. trinn ved Surnadal Ungdomsskole har sjølv sett standard for årets storprosjekt. Dei står sjølv for tema og alt av tekstar med framsyninga «Øverst på pallen» komande veke.

Tiandeklassingane i Surnadal har sagt klart frå at dei ikkje vil ta for seg «gamle» musikalar og heller ikkje sjå seg attende i tid i årets storprosjekt.

Dei satsar i staden på å vere høgaktuelle med «skjønnhetstyranniet» og jaget etter perfeksjon som tema.

Tittelen «Øverst på pallen» speglar kravet til dagens ungdom om å vere nettopp der – vakrast, flinkast, veltrena og med toppkarakterar i alle fag.

Moralen kan vere at vi treng einarane, men alle kan ikkje vere øvst på pallen.

I alle fall set årets tema store krav til elevane når det gjeld å skrive alt stoffet sjølv.

Når dei starta øvingane i Storstuå i Surnadal kulturhus på torsdag, var alt av sketsjar og songar ferdig skrive.

I eit så breitt tema ligg det mange undertema med sosiale media med krav til fine selfies, foreldre som rollefigurar og å finne sin eigen rolle i alt dette.

Tidlegare tiandeklassar har stabla på beina eigne band som har teke seg av alt av musikk, men det er mykje forlangt at alle klassane skal rå over slike musikalske krefter.

I år skal Elfrid Vold Aarnes akkompagnere songarane på piano, i tillegg til at dei brukar noko playback både til songar og dansenummer.

– Det har jo vore eit prinsipp at klassen skal stå for alt som går føre seg på scena utan hjelp frå andre klassar, og difor har vi sagt at vi skal gjennomføre dette utan eige band i år, seier Berit Moen Larsen.

Scenesjef Kirsti Solem står for mykje av instruksjonen, men får i år hjelp av Svanhild Husby.

Kulturskolen på Indre Nordmøre bidreg med lyd og lys, i tillegg til at Alex er med og akkompagnerer nokre av songane på gitar.

Som vanleg er dansekoreografane henta frå eigne rekker, og vi blir lova mykje vakker dans undervegs.

Elles kan Berit Moen Larsen fortelje om ein særs engasjert stab bak scena med kulissesnikkarar og scenearbeidarar.

Desse er ikkje veldig synlege i løpet av ei framsyning, men du verda kor synleg det blir viss dei ikkje gjer jobben sin.

Tysdag midt på dagen køyrer dei skuleframsyning for full sal med yngre skuleelevar, og tysdag kveld er det premiere med foreldre, søsken, besteforeldre og andre teaterinteresserte i salen. Sidan blir det framsyningar onsdag- og torsdag kveld.

– Det er jo ein utruleg lærerik prosess dei går igjennom med alt som må vere på plass, seier Berit Moen Larsen.