10. trinn ved Surnadal ungdomsskole viste seg fram for yngre medelevar under skoleframsyninga av "Øverst på pallen" tysdag.

Vi skreiv i førehandsreportasjen i Driva at dei ikkje har musikarar til å stille med eige band i år. Vi trong ikkje ottast. Dette tek dei att i rikt monn med pianist Elfrid Vold Aarnes og med sterke krefter både på skodespel, song og dans.

Det plar vere litt nervøsitet i klassen over korleis dei andre ungdomsskoleklassane ter seg i salen - og så blir dei berre møtt av eit fantastisk og entusiastisk publikum som må verke både inspirerande og oppmuntrande på unge aktørar.

I kveld er det premiere for fullsett sal i Storstuå, og foreldre, søsken, besteforeldre og andre som har skaffa seg billett kan berre gle seg. Og aktørane møter nok ikkje eit mindre entusiastisk publikum i premieren.

Og så er det heldigvis mulegheit for dei som enno ikkje har kjøpt billett til å finne nokre ledige plassar på dei neste framsyningane. For så vidt ikkje noko vente med!

Meir utfyllande saker på Driva abonnement etter kvart og i papiravisa på fredag.