Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut midlar til aktørar som skal utvikle Artist-in-residence ordning i Møre og Romsdal.

- Søknadane er no behandla, og fem aktørar får støtte, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å stimulere til vidareutvikling av det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal. Derfor lyste vi i september ut prosjektstøtte til aktørar som vil utvikle toårig Artist-in-residence ordning. Fylkeskommunen går inn med støtte på inntil 50 prosent, maks 150 000 kroner, av kostnadane i kvart prosjekt.

- Vi fekk inn mange gode søknadar, der nokre prosjekt utmerka seg. Vi har stor trur på at desse prosjekta vil bidra til å auke attraktiviteten til fylket som bu- og arbeidsstad for profesjonelle kunstnarar, seier rådgivar Carina Stokke i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utlysing og støtte til Artist-in-residence ordning for Møre og Romsdal er ein del av fylkeskommunen si satsing på kreative næringar.

Desse prosjekta får  støtte:

Surnadal Billag, Surnadalsøra:

Dette er eit kunstsenter som skal utvikle ein internasjonal residency for billedkunst, teater og musikk. Aktørane bak prosjektet har store internasjonale nettverk og eit tett samarbeid med Kunstakademiet i Trondheim.  Ansvarleg for ordninga er Jon Arne Mogstad.

LIN2IT dance residency, Sunndalsøra:

Dei skal tilby profesjonelle dansarar moglegheit til å utvikle nye produksjonar og perfeksjonere faget. Residencyen vil utvikle samarbeid med regionale institusjonar og aktørar, og vere eit viktig bidrag til utvikling av kunstfeltet dans i fylket.

Elles får og Åtgaum i Volda, Studio Hugo Opdal i Flø, samt Nordic Light i Kristiansund støtte.

Skal bidra i lokalsamfunnet

Artist-in-residence er ei gjestekunstnarordning som skal tilby nasjonale og internasjonale kunstnarar gratis arbeidsplass og bustad for ein periode på to år.

Residensane skal vere opne for kunstnarar frå alle felt; visuell kunst, forfattarar, kunsthandtverkarar, filmprodusentar, filmregissørar, dansarar, koreografar, scenekunstnararar, performance-artistar, komponistar, musikararar, kuratorar, lyd- og nye media-artistar.

Residensane skal også bidra inn i lokalsamfunnet dei er ein del av, gjennom utstillingar, workshops og tilbod til barn og unge.