Soknerådet har lenge prøvd å finne ein konsertdato som passa, og laurdag kveld blir det endeleg haustkonsert i Øye kyrkje, der Sigrid Vetleseter Bøe og pianist Hedda Hansen Berg står for programmet.

Sigrid arbeider blant anna ved Kungliga Operan i Stockholm, samt at ho er vikar i Trondheim Vokalensemble. Elles reiser ho rundt og held konsertar i både inn- og utland, og no gler ho seg til å synge i Øyekyrkja.

– Her blir det ei fin blanding av alt frå enkeltståande romansar til opera-ariar, med litt frå både Verdi og Puccini, fortel ho.

I løpet av konserten skal dei innom tre operaer; La Boheme (Giacomo Puccini), La Traviata (Giuseppe Verdi) og Othello (Verdi).

– Elles blir det litt Grieg og litt forskjellig, noko for alle smak. Det blir og litt instrumentalinnslag med orgel og piano, for å får litt avveksling, fortel ho.

Sigrid skal elles halde fleire konsertar i nær framtid; først i Trondheim onsdag i neste veke, og så i Østerdalen neste helg. Sigrid syng og i Surnadal att ganske snart, når det blir tid for julekonsertar.

– Vi prøvar og å få i stand ein operakonsert med servering og diverse i Surnadal. Men her er ikkje alt klart enda, så denne får vi koma tilbake til seinare, seier ho. Men aller først skal ho altså ha haustkonsert i Øye kyrkje, saman med Hedda Hansen Berg.

Arrangørar og songarar håpar på mykje folk og ønskjer alle velkomne.