Det mykje omstridte boligområdet Buhagen Vest i Surnadal tilrås no regulert som boligområde og saka lagt ut til offentleg ettersyn. Saka har to gonger vore oppe i kommunestyret. Første gong vart det satt ein stoppar for utbygging. Andre gong blei kommunestyret einige om å få saka til handsaming som byggesak.

Derfor har rådmannen no bedt politikarane sette i gong prosessen med å få innregulert området Buhagen Vest i kommuneplana med tanke på utbygging.

Utbyggar Ola Ranes har brukt mange penger på utvikle tomteområdet som er klart til utbygging. Han ventar berre på eit politisk klarsignal. Saka kjem truleg heile vegen til kommunestyret og da kan det vere snakk om ei eller to stemmer som vippar prosjektet anten til start eller stopp.

- Vågar ikkje ha noko forhåpningar. Eg meiner jo utbygginga er ei gladsak for Surnadal, men det er heilt opp til politikarane, seier Ola Ranes.

Han har allereie kjøparar som har tinga på tomt.

Dette skriv rådmannen i si tilråding til utvalet for teknikk- miljø og næring:

"Det er stort behov for fleire attraktive boligtomter i nedre Surnadal. Rådmannen vurderer Buhagen vest til å vere eit av dei mest attraktive boligområda i Nedre Surnadal, og er positiv til at området no blir regulert. Å utvikle eit sentrumsnært boligområde så nært barnehage- og skuleområdet er unikt. Omdisponering av dyrka jord er negativt, men blir oppveia av dei storesamfunnsmessige fordelane i denne saka slik rådmannen vurderer det. Med bakgrunn i vurderingane anbefaler Rådmannen at planforslaget for Buhagen vest blir sendt på høyring og lagt ut til offentlig ettersyn."